Hopp til innhald

SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Oppseiing

Det er spennande å tilsetje nye arbeidarar og oppleve at verksemda veks og lykkast. Like hyggeleg er det ikkje å erfare tilbakegang og å måtte ty til oppseiing av medarbeidarar.

En mann blir sparket av en stor sko. Illustrasjon.

Lova har klare reglar og retningslinjer for korleis oppseiingar skal gjennomførast. Det er god personalforvalting å gjere dette på ein human og ordentleg måte. Det motsette kan få store følgjer både for arbeidsgivar og for arbeidstakar.

Vi har tidlegare i dette emnet drøfta betydninga av å gjere ein grundig jobb i tilsetjingsprosessen. Alt anna kan føre til feiltilsetjingar.

Feiltilsetjingar er kostbare for bedrifta og ei stor belastning for medarbeidaren det gjeld.

Opplæring og andre tiltak bør sjølvsagt setjast i verk for å forsøke å lære opp den tilsette i arbeidsoppgåvene, men i nokre tilfelle er det ingen annan utveg enn oppseiing.

Andre grunnar til oppseiing kan vere generelle økonomiske omstende, omorganisering og så vidare. Same kva årsak skal prosessen utførast på ein human måte og i tråd med lova.

Sakleg oppseiing

Arbeidsmiljølova stiller krav til at oppseiinga skal vere sakleg. Dette utgjer eit vern for arbeidstakaren.

Arbeidsgivaren må kunne bevise at det finst ei sakleg grunn for oppseiinga knytt til sjølve arbeidsforholdet. Saklege grunnar kan vere:

  • påvist dugløyse
  • ulegitimert fråvær
  • innskrenkingar
  • rasjonalisering

Saksbehandlinga må vere grundig, og alle spelereglane må følgjast. Elles kan oppseiinga bli kjend ugyldig, og bedrifta får erstatningsansvar.

Før arbeidsgivaren gjer vedtak om oppseiing, skal spørsmålet drøftast med arbeidstakaren og eventuelt med den tillitsvalde til arbeidstakaren. Både grunnlaget for oppseiinga og kvifor vedkommande er utvald, skal drøftast.

Den som er oppsagd, har rett til stillinga eller tilsvarande stillingar innanfor dei to første åra etter at vedkommande er oppsagd. Vi kan derfor seie at god personalforvalting også gjeld etter at vedkommande har slutta i firmaet.

Viktig om du blir oppsagd:

1 Ta kontakt med fagforeininga. Om du ikkje er organisert, få deg ein advokat eller rådgivar.
2 Sjekk at det formelle rundt oppseiinga er i orden. Lova stiller krav til kva oppseiinga skal inne­holde.
3 Be om eit forhand­lingsmøte med ar­beidsgivaren. Det må gjerast innan 14 dagar etter oppseiinga. Ta med deg rådgivar, til­litsvald eller advokat.
4 Til forhandlingsmøtet bør du setje opp ei omfattande oversikt over formell og ufor­mell kompetanse, sosi­ale forhold, familie og anna du meiner er vik­tig.
5 Hugs at du har rett til å fortsetje i stillin­ga om du går til søks­mål. Vilkåret er at søksmålet er reist innan åtte veker etter at forhandlingane blei av­sluttet, eller at oppseiinga fann stad innan utløpet av oppseiingsfristen.
6 Hugs at du også har fortrinnsrett til ei ny stilling i same verksemd, med mindre det er ei stilling du ikkje er skikka for. Fortrinns­retten gjeld frå oppseiingstidspunktet og i eitt år, med den føresetnaden at du har vore tilsett i minst 12 månader dei to siste åra.
(Kjelde: Advokat Yngve Glent i Kommunalan­sattes Fellesorganisa­sjon [KFO] i YS)
oppsigelse

http://red.ndla.no/nb/node/102823

Læringsressursar

Rekruttering, tilsetjingar og personalutvikling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Test av personlegdomen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter