Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. Rekruttering, tilsetjingar og personalutviklingChevronRight
  4. Vilkår og premieringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vilkår og premiering

Forsking viser at det er behov for individuell behandling av medarbeidarar, til dømes bør premieringssystemet vere tilpassa den enkelte. For den tilsette kan lønn vere mindre viktig enn personleg utvikling, aksept, ansvar og trivsel.

Jenter ler ved datamaskin

Vilkår og premiering

Tidlegare var det vanleg å tru at dei tilsette berre jobba for lønna. Nyare undersøkingar viser at lønna ofte kjem langt nede på lista over motivasjonsfaktorar.

Å kunne bruke evnene sine og utvikle talenta sine kan bety langt meir. Å få jobbe med moderne teknologi kan vere svært meiningsfullt for mange arbeidstakarar. Det å oppnå respekt og aksept, få ansvar og vere ein del av eit godt arbeidsmiljø kan opplevast som umisteleg verdiar. Vi kallar gjerne slike verdiar for insentiv. Vi snakkar derfor om insentiv- og premieringssystem, eller på folkemunne: «gulrøter».

Større amerikanske IT-selskap kan tillate seg å lønne medarbeidarane sine relativt beskjedent. Berre det å få jobb i slike anerkjende selskap er lønn i seg sjølv. Å ha ein slik jobb på CV-en kan nemleg ha mykje å seie for seinare jobbar og lønnsvilkår.

Når dette er sagt, kjem vi ikkje bort frå at lønna er viktig og bør stå i samsvar med innsats og ansvar. Dei fleste føretak har gjerne ei fornuftig lønnspolitikk.

Lønnspolitikken er ein del av heile personalpolitikken. Jamstilling mellom kjønna er ein naturleg del av dette. Lik lønn for likt arbeid er eit kjent slagord.

Drøft

Kva for motivasjonsfaktorar meiner du vil bli viktigast for deg i ein framtidig jobbsituasjon?

Andre insentiv

På leiarnivå kan det å oppnå eigardelar (aksjar) i føretaket vere eit viktig insentiv. Då vil leiaren nyte godt av den verdiskapinga han eller ho har vore med på. Dette kallar vi opsjonar (eigentleg moglegheit). Ordninga har dessverre vist seg å gi ein del uheldige utslag. Leiarar har ofte tenkt på kortsiktig vinning og ikkje på det som gagnar bedrifta i det lange løp. Denne ordninga er noko mindre brukt i dag.

Dei tilsette kan i nokre tilfelle kjøpe aksjar til ein rimeleg pris. Dei tilsette vil likevel kunne risikere å tape pengar ved kursfall, noko som ikkje rammar opsjonar på same måte.

Ei anna ordning er bonusordningar for avdelingar eller enkelttilsette. Vilkåret for utdeling er overskot. Bonusen vil då utgjere ein bestemt del av årsoverskotet.

Frynsegode

Ei utbetaling av bonus er sjølvsagt skattepliktig. Men i nokre høve kan tilsette få fordelar som ikkje så lett kan prisast i pengar. Desse blir kalla naturytingar, eller «frynsegode» på folkemunne.

Å disponere bilen du bruker i jobben, også privat er eitt døme. Men også rimelege lån, fri barnehage, frie elektroniske tenester som mobil, fasttelefon og Internett, fri avis og så vidare er døme på slike frynsegode.

Det er klare reglar for kva som kvalifiserer til å vere frynsegode. Skattemyndigheitene har omrekningsmodellar for å rekne ut den eigentlege verdien – for så å kunne skattleggje fordelen.

Utdanning betalt av arbeidsgivaren blir i dag rekna for å vere det mest verdifulle frynsegodet av alle. I mange tilfelle er dette skattefritt. Grunnen er myndigheitene sitt ønske om å stimulere til kompetanseauking.

betingelser og belønning

Læringsressursar

Rekruttering, tilsetjingar og personalutvikling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Test av personlegdomen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Oppseiing

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter