Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. Rekruttering, tilsetjingar og personalutviklingChevronRight
  4. Medarbeidarsamtale ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Medarbeidarsamtale

Bedrifta bør ha eit tilbod om ein årleg eller halvårleg medarbeidarsamtale for alle tilsette. Dette er ein samtale mellom medarbeidaren og hans eller hennar nærmaste overordna.

Møte på kafé. Foto.

Medarbeidarsamtalen

Arbeidslivet er inne i ein av dei største omstillingsprosessane nokosinne. Det kjem stadig nye krav til teknologi, kompetanse og inntening. Tett kontakt mellom medarbeidaren og hans eller hennar overordna er derfor heilt nødvendig. Eit godt hjelpemiddel er medarbeidarsamtalen.

Undersøkingar viser at motivasjonen aukar når dei tilsette får tilbakemelding på innsats og resultat. Dette bør det bli gitt rom for i samtalen. Men også premiering og framtidige karrieremoglegheiter bør vere ein naturleg del av samtalen.

Medarbeidarsamtalen har gjerne fem sentrale emne:

  • mål for arbeidet
  • resultat av arbeidet
  • arbeidsmetodar
  • arbeidsmiljø
  • kompetansebygging

Samtalen bør vere godt førebudd av begge partar. Ei oppsummering av førre medarbeidarmøte er eit viktig utgangspunkt. Arbeidstakaren blir på førhand beden om å tenkje gjennom aktuelle punkt og saker han eller ho sjølv vil ta opp.

Det bør setjast av god tid til møtet, og partane bør ikkje bli forstyrra under møtet.

Nokon vil hevde at denne kontakten er for snever. Ein moderne leiar bør ha ein kontinuerleg dialog med medarbeidarane sine – dag for dag, veke for veke. På den måten vil leiaren heile tida kunne lodde stemninga og avdekkje behov. Ein medarbeidarsamtale kan uansett vere ei fast ramme for dei meir formelle tinga som skal takast opp. Den tilsette opplever normalt desse samtalane som svært viktige.

Læringsressursar

Rekruttering, tilsetjingar og personalutvikling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Test av personlegdomen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Oppseiing

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter