Hopp til innhald

SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Personalutvikling

Målsetjinga med personalutvikling er å stimulere medarbeidarane til fagleg og personleg utvikling. Det er nemleg éi sak å tilsetje rett person, ei heilt anna å utvikle og halde på vedkommande. Vi skal her sjå på kva verkemiddel som er aktuelle i denne samanhengen.

Barn utkledd som voksne arbeidere. Foto.

Karriereplan

Bedrifta bør lage ein karriereplan for den enkelte tilsette. Planen skal vise kva slags utdanning, kompetanse og ferdigheiter medarbeidaren har, men planen bør først og fremst innehalde planar for vidareutdanning, opplæring og kompetanseutvikling.

Den tilsette bør på si side setje opp sine eigne målsetjingar og sin eigen karriereplan. Det beste er sjølvsagt om bedrifta sin plan og den personlege planen er mest mogleg like. Då vil det vere større sjanse for at vedkommande blir ein stabil og lojal medarbeidar i lang tid framover.

Kompetanse- og personalutvikling

Dei tilsette er i dag ofte meir interesserte i moglegheitene for personleg utvikling enn i lønna. Mange tilsette ønskjer arbeidsoppgåver som er interessante, og som gjer dei attraktive for andre jobbar i framtida.

Kvar arbeidsdag er ofte «ein skuledag», men verksemda bør i tillegg vere bevisst på behovet for kursing og opplæring. Verksemda bør gjennomføre ei planlagd og systematisk opplæring. Det kan innebere både intern og ekstern opplæring. Ofte er det trilstrekkeleg med eit internkurs. I andre tilfelle er føretaket avhengig av ekstern ekspertise.

Tenk deg ein bilmekanikar. Vil han eller ho ha behov for opplæring etter å ha vore tilsett i lengre tid? Ja! Bilane får stadig meir elektronikk. Mykje av feilsøkinga skjer med elektronisk utstyr. Samtidig skjer det ei rivande utvikling i retning av meir miljøvennlege bilar.

Større bedrifter har ofte ei eiga personalavdeling eller HR-avdelig. HR står for Human Resources (menneskelege ressursar). Slike avdelingar vil stimulere til opplæring, medarbeidardeltaking og eit godt arbeidsmiljø.

Det er viktig å halde på medarbeidarar og sikre kunnskapen i verksemda. Vilkåra er god personalbehandling og stimulerande tiltak som motiverer arbeidarane til å vere villige til å dele kunnskapen sin med andre.

Utviklinga skjer raskt på mange arbeidsplassar. Derfor er det viktig at bedrifta stiller opp med kurs og opplæring i ny teknolog
Utviklinga skjer raskt på mange arbeidsplassar. Derfor er det viktig at bedrifta stiller opp med kurs og opplæring i ny teknologi for dei tilsette.

Utsette grupper

Det er eit viktig mål for arbeidslivet i Noreg at alle har eit godt arbeidsmiljø. På Vg1 har du lært ein del om HMS-arbeid, arbeidsmiljølova og dei krava som lova stiller. Her skal vi ta for oss grupper av tilsette som kan vere spesielt utsette.

Kvinner, eldre og menneske med fleirkulturell bakgrunn kan vere utsette grupper både med tanke på tilsetjing, intern behandling og oppfølging i arbeidssituasjonen.

Kvinner har framleis ofte det mest av omsorgsarbeidet i småbarnsfamiliar, og blir ofte forbigått av menn når det gjeld lønn, karriere og utvikling.

Eldre kan lett falle utanfor arbeidslivet på grunn av den teknologiske utviklinga eller fordommar mot eldre generelt.

Det same gjeld menneske med fleirkulturell bakgrunn. Kultur- og språkbarrierar kan vere medverkande, men også fordommar og manglande tillit til utdanninga dei har frå heimlandet, kan spele inn.

Omskulering

Det er eit stort behov for omskulering i dagens samfunn. Arbeidstakarar skiftar ofte arbeid – i snitt seks gonger i løpet av arbeidskarrieren sin. Dei fleste gongene skjer jobbskiftet i same firma, anten i form av avansement eller på grunn av omorganiseringar.

Tenk over

Kvifor er det viktig å dele kunnskap med andre på arbeidsplassen?

Læringsressursar

Rekruttering, tilsetjingar og personalutvikling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Test av personlegdomen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Oppseiing

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter