Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. Rekruttering, tilsetjingar og personalutviklingChevronRight
  4. Stillingsutforming og utlysingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Stillingsutforming og utlysing

Stillingsutforming handlar om å kartleggje føremålet med stillinga, kva plass ho har i organisasjonen, og kva oppgåver og plikter som høyrer med.

Jobbsøkere sitter i kø sammen med en robot. Foto.

Ei verksemd må liggje i forkant når det gjeld behovet for framtidige medarbeidarar. Vi snakkar ikkje berre om kor mange medarbeidarar verksemda treng, men også om kva slags kvalifikasjonar dei har. Dette krev systematisk planlegging, det vil seie personalplanlegging. Samtidig må verksemnda verke attraktivt for moglege kandidatatar – har verksemda eit godt renommé som arbeidsplass?

Stillingsutforming

Dei første signala om at verksemda treng nye medarbeidarar, kjem gjerne lenge før stillinga blir utlyst.

Derfor er det nyttig å lage ei ganske detaljert oppstilling av framtidige behov. Desse notata kan danne grunnlaget for ei stillingsutforming.

Stillingsutforminga bør innehalde ei kartlegging av føremålet med stillinga, kva plass ho har i organisasjonen, og kva oppgåver og plikter som følgjer stillinga.

I tillegg til dei meir oppgåveorienterte opplysingane bør utforminga også innehalde informasjon om kva slags kompetanse, utdanning og erfaring som krevst i stillinga.

Dette dokumentet vil seinare danne basis for tilsetjingskontrakten og stillingsinstruksen.

Utlysing

Etter som tida går, kan det bli klart at det er behov for éi eller fleire nytilsetjingar. Då bør stillingane lysast ut anten i avisannonsar, annonsar på nett, i sosiale medium eller på heimesida til firmaet.

Bedrifta bør vere nøye med utforminga av ein slik annonse ettersom ho gir viktige signal til omverda. Annonsen kan gi eit godt eller mindre godt inntrykk av føretaket.

Vi kan også bruke eit rekrutteringsbyrå i dette arbeidet.

Bedrifta har plikt til å rapportere behovet for nye tilsette til Nav, som på si side vil få utlysinga inn i systemet sitt.

Det hender ofte at behovet for nye tilsette er dekt før det er annonsert eller lista hos Nav. Det kan skje ved opprykk internt i verksemda eller ved at venner og kjende søkjer stillinga. Om lag 80 % av alle tilsetjingar skjer faktisk før verksemda rekk å lyse ut stillinga, mellom anna fordi enkelte stillingar berre blir lyste ut internt –det vil seie berre i bedrifta.

Kva seier lova?

Seier lova noko om korleis ein stillingsannonse skal utformast?

Annonsen bør gi eit korrekt og realistisk bilete av stillinga. Utover dette skaper ei utlysing inga rettslege forpliktingar. Føretaket treng til sjuande og sist ikkje å tilsetje nokon eller vere forplikta av søknadsfristen.

Du bør likevel vere varsam med formuleringar som kan verke kjønnsdiskriminerande.

Utlysning

Læringsressursar

Rekruttering, tilsetjingar og personalutvikling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Test av personlegdomen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Oppseiing

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter