Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. ProduktkalkylarChevronRight
  4. Kalkyle i handelsbedrifterChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kalkyle i handelsbedrifter

Ei handelsbedrift kjøper inn varer for så å selje dei vidare. Som regel er varene som blir selde vidare, identiske med dei varene handelsbedrifta har kjøpt inn. Varene er altså ikkje foredla eller forbetra på nokon måte. Bidragsmetoden er derfor den prissetjingsmetoden som er best eigna.

Ung mann som ser på pussemaskin i ein byggvarebutikk. Foto.

Marknaden bestemmer prisen

I dag er det slik at den prisen butikken kan ta, ofte er bestemt på førehand. Dette kan vere fordi importøren eller ei kjede har prisa varene på nettet, i katalogar eller i annonsar.

Andre årsaker er at konkurransen mellom ulike handelsbedrifter og butikkar gjerne er så open at kundane har ei klar formeining om kva som er vanleg pris for ei bestemt vare. Prisane frå ulike leverandørar er lette å finne på nettet, i annonsar, tilbodsaviser eller brosjyrar. I tillegg er varene ofte svært like i kvalitet, yting og så vidare. Prisane gir seg med andre ord ofte sjølve. At kundane er villige til å betale ein høgare pris enn den butikken sjølv gav, kan derrfor komme av fleire grunnar: tilgjengelegheit, service, kunnskap, rettleiing og så vidare.

Dekningsbidrag og bidragsmetoden

Ei handelsbedrift vil uansett konsentrere seg om dekningsbidraget – altså forskjellen mellom ut-prisen (den prisen dei sel vara til kundane for) og inn-prisen (den prisen bedrifta sjølv har betalt for vara). Dette gjeld ikkje minst om konkurransen er hard og det er nødvendig å setje ned prisane for å få selt varene.

Vi skal sjå på eit døme:

Ut - pris:Kr 170Inn - pris:Kr   120 Dekningsbidrag:Kr 50

Dekningsbidraget (DB) rekna om i prosent kallar vi dekningsgrad (DG). Formelen er slik:

Dekningsbidraget·100prisen= Dekningsgrad

I vårt tilfelle: 50·100170= 29,4%

Om prisane ikkje er heilt fastlåse, kan butikken ha som mål å ha ein bestemt dekningsgrad på alle varene innanfor kvar varegruppe. Om målet til dømes er 40 %, blir varekostnaden 60 %. Kostar vara 150 kroner inn, blir utrekninga slik:

150·10060= 250

Vara vil altså koste 250 kroner ut til kunden.

Det vi har drøfta over, kan omtalast som bidragsmetoden – fordi vi altså ser på dekningsbidraget.

Andre, meir kompliserte metodar for prising er i praksis ikkje særleg aktuelle for handelsbedrifter.

Uttrykk og formlar:

Variabel kostnad: Innkjøpspris + direkte kostnader (frakt, toll og så vidare)

Dekningsbidrag per stk. (DB): Pris - variable kostnader

Dekningsbidrag for ei mengd: Inntekter - variable kostnader

Dekningsgrad (DG): Dekningsbidrag/inntekter · 100

Læringsressursar

Produktkalkylar