Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. Sal er kunnskapChevronRight
  4. ForbrukarkunnskapChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Forbrukarkunnskap

Forbrukarkunnskap er kunnskap om forbrukaråtferd, det vil seie kunnskap om kjøpsåtferd og kjøpsprosessar, kjøpsroller og behov og motiv.

Kvinne betaler kaffe med kredittkort. Foto.

Ein god seljar har denne kunnskapen og nyttar han aktivt i salsarbeidet sitt, anten det er på forbrukarmarknaden eller bedriftsmarknaden.

Om å kjenne kundane sine

I omgrepet forbrukarkunnskap ligg også det å kjenne kundane sine godt. God kjennskap til kundane gjer det enklare å yte god service og tilby kundane produkt som passar behova deira. Faste kundar får gjerne litt ekstra service, som til dømes i dette tilfellet:

Kine er ein fast og god kunde hos den lokale sportsbutikken. Ho har i alle år kjøpt ski til begge ungane der, i fjor kjøpte ho seg ny terrengsykkel, og mannen fekk seg nye slalåmski på tilbod. Vinterjakkene til heile familien er kjøpt der, og det same gjeld fotballskoa til den yngste dottera.

Sykkelbutikk
Ein god seljar må ha god forbrukarkunnskap og bruke han aktivt.

Når Kine no skal ha seg ny sykkel, går ho til den lokale sportsforretninga og ber om eit godt tilbod. Seljaren veit at Kine trenar mykje og deltek aktivt i konkurransar. Derfor treng ikkje seljaren å bruke så mykje tid på å finne den rette sykkelen til Kine. Han veit kva ho treng. Dessutan får ho ti prosent avslag for langt og trufast kundeforhold. Seljaren kjenner marginane og veit at butikken får forteneste trass i rabatten. I tillegg tilbyr han seg å levere sykkelen på døra hennar sidan han bur rett i nærleiken.

Læringsressursar

Sal er kunnskap

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter