Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. Sal er kunnskapChevronRight
  4. BransjekunnskapChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bransjekunnskap

For å kunne yte best mogleg service er det nødvendig for ein seljar å ha gode bransjekunnskapar.

Ung kvinne i hvite klær som skriver på en blokk. Foto:

Kva er ein bransje?

Ein bransje kan definerast som ei inndeling av næringslivet etter kva typar produkt dei sel – til dømes daglegvarebransjen, vakt- og tryggingsbransjen, forsikringsbransjen, sportsbransjen og bokbransjen. Ein bransje består av både seljarar og kjøparar av produkta innanfor den gjeldande bransjen.

Eksempel på bransjekunnskap

Bransjane varierer etter kva varer og tenester som blir tilbydde. Kvar bransje har sitt særpreg, sine eigne lover og reglar, etiske retningslinjer, reglar for skikk og bruk og eigne bransje- og interesseorganisasjonar. Oversikta under viser nokre døme på kva slags bransjekunnskap ein god seljar bør ha i nokre utvalde bransjar.

Bransjekunnskap Døme
Lover og reglar

I varehandelen: forbrukarkjøpslova, angrerettslova, marknadsføringslova

I bokbransjen: boklova

I matvarebransjen: nøkkelholsforskrifta og andre reglar for matmerking, hygieneforskrifter

Etiske retningslinjer

For sportsbransjen

For Vinmonopolet

For NHO

Bransje- og interesseorganisasjonar

Bokbransjen: Bokhandlerforeningen, Den norske forleggerforening, Den norske forfatterforening

Varehandelen: handelsstandsforeiningar i byar og tettstader, Bensinforhandlernes bransjeforening

Generelt: VIRKE, NHO

Annan kunnskap?

Oppgåve

Du har sikkert ein deltidsjobb, sommarjobb eller er utplassert i samband med faget yrkesfagleg fordjuping. Lag ein liknande tabell som den over for bedrifta di, eller for ei bedrift du kjenner godt.

Læringsressursar

Sal er kunnskap