Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. Sal er kunnskapChevronRight
  4. ProduktkunnskapChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Produktkunnskap

For å kunne gi best mogleg service er det avgjerande å ha god kunnskap om produkta du sel. Å ha produktkunnskap er meir enn å kunne fortelje prisen på ei jakke. Produktkunnskap er kunnskap om alle sider og forhold ved produktet.

Dame i regnjakke som liker regn. Foto.

Under ser du ei oversikt med døme på nødvendig produktkunnskap. Vi tek utgangspunkt i ei jakke frå Norrøna.

Produktkunnskap

Eksempel
Kvalitet Ei GORE-TEX®-jakke med Active Shell-materiale, kjem i storleikane S, M, L og XL i unisex-fasong.
Produkthistorikk Kor lenge jakka har vore på marknaden, og om det er ei forbetra utgåve av tidlegare jakker.
Produsent Norrøna har produsert jakka.
Leverandør Norrøna har levert jakka.
Bruksområde

Turgåing, skitopptur, stisykling, stispringing, langrenn, fjellsykling, generelt friluftsliv, fjellturar, sykling.

Produktfordelar og brukarfordelar GORE-TEX® Active Shell er vasstett, ekstremt pustande og vindtett. Låg vekt, lågt volum, mjukt og lett å pakke – GORE-TEX® Active passar utmerkt til aerobe aktivitetar der ein treng vern mot vind og regn. Brystlomme, eihandsstramming, handleddstramming med borrelås, lufting under armane, mjukt hakevern, rygglomme med glidelås.
Vedlikehald Vask jakka på 40 gradar utan skyljemiddel. Skyljemiddel øydelegg pusteeigenskapane.
Negative sider Jakka er ikkje så varm, kanskje litt liten i storleiken, kjem førebels i få fargar.
Vilkår Fem års garanti for material- og produksjonsfeil. Vanleg reklamasjon etter forbrukarkjøpslova er to år.
Konkurrentar og produkta til konkurrentane Seljar må kjenne til produkta til konkurrentane og eigenskapane ved desse produkta for å kunne fortelje kunden kva som er unikt med denne jakka – til dømes Arc’teryx, The North Face, Adidas og så vidare.

Produktkunnskap i ulike bransjar

Kor viktig produktkunnskap er, heng saman med kva bransje du jobbar i, og kva slags produkt du sel. Er du seljar i ein matvarebutikk eller ein kiosk, er produktkunnskap mindre viktig enn dersom du jobbar i bakeri, apotek eller bilforretning. Små kjøp som ein gjer ofte (rutinekjøp), som til dømes sjampo, mjølk, sjokolade og avis, krev mindre produktkunnskap frå seljaren enn kjøp av kompliserte og dyre produkt. Bil, båt, hus, mobiltelefon, moped, sykkel har ein meir omfattande kjøpsprosess, og det krev meir av seljaren.

Krav til kompetanse

For ein seljar på bedriftsmarknaden eller institusjonsmarknaden er det svært viktig med gode produktkunnskapar, gjerne kombinert med den rette utdanninga. Å selje delkomponentar til gravemaskinar, til datamaskinar eller ingrediensar til medisinar krev høg kompetanse.

Video om produktkunnskap

Sjå videofilmen for ei oppsummering av kor viktig produktkunnskap er for auka sal.

Oppgåve

Finn eitt produkt (ei vare eller ei teneste) du kjenner ganske godt, og lag ein liknande tabell for dette produktet som du såg over for Norrøna-jakka.

Læringsressursar

Sal er kunnskap