Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. Det ytre og det indre salsmiljøetChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Det ytre og det indre salsmiljøet

Butikken blir utforma med tanke på å auke salet og fortenesta. Det inneber at ein tek avgjerder om det indre og ytre miljøet, vareutvalet og vareplasseringa.

Sandvika kjøpesenter

I butikken

Butikken er eit eige marknadsføringsmedium. Fasaden til butikken (ytre miljø) skal trekkje kundane inn i butikken, medan interiøret i butikken (indre miljø) skal få dei kundane som er i butikken, til å kjøpe meir. Det er viktig at det indre og det ytre miljøet er tilpassa målgruppa (kundane), slik at dei trivst i miljøet.

Bedrifta kan fremje profileringa og salet gjennom å gjere tiltak i det ytre og det indre salsmiljøet.

Det ytre salsmiljøet omfattar kvar lokalet ligg, fasaden, inngangspartiet og utstillingsvindauga.

Det indre salsmiljøet handlar om innreiing, belysning, reinhald og orden, vareplassering og personale.

Det fysiske ytre og indre salsmiljøet er det miljøet som kunden møter. Dette miljøet er ein del av p-en plass, og det er også ein del av p-en påverknad fordi det er med på å fremje salet (Sales Promotion).

Tiltak i ytre og indre salgsmiljø

Det vi må finne ut, er kva tiltak vi skal gjere i det fysiske indre og ytre salsmiljøet for i størst mogleg grad klare å fremje profilering og auke salet. Korleis bør vi altså utforme dei ulike elementa i miljøet?

Læringsressursar

Det ytre og det indre salsmiljøet