1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. Etiske retningslinjerChevronRight
  4. Oppgåver i etiske dilemmaChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåver i etiske dilemma

Her får du presentert nokre etiske dilemma ein kan møte i serviceyrke, og som du skal ta stilling til.

Kvinne som gir ei bok til ein mann med eit betalingskort i handen. Foto.

Å ta imot gåver

  • Tenk deg at du er lærling, og at du ein dag møter ein kunde som vil gi deg ei gåve. Kva gjer du? Beskriv ein slik situasjon meir detaljert innanfor eit fag du har lyst å arbeide i. Kva for nokre etiske varsellamper ser du med å ta imot ei gåve frå ein kunde?
  • Tenk deg at du er tilsett i ein butikk, og at du ein dag får ei gåve frå ei seljar som er innom. Du er oppteken med ein kunde akkurat når seljaren legg igjen vara, og seljaren legg igjen ein lapp til deg saman med vara. På lappen står det: «Du er alltid så flink til å selje produkta mine, og derfor skal du få eit av dei. Ta denne genseren, bruk han og ver reklamemodellen min.» Først blir du glad, men så begynner du å tenkje på det etiske i dette. Kva kan vere etisk uforsvarleg i denne situasjonen? Kva vel du å gjere?

Å «hjelpe» venner

  • Tenk deg at jobbar i ein bokhandel. Ein av dei mange bøkene de har i butikken, er skriven av ein du kjenner godt. Du veit at vennen din får betaling per bok som blir seld. Du synest boka er ganske god. Vil du anbefale kundane dine denne boka framfor andre bøker som er like gode? Ser du nokre etiske problem med å anbefale denne boka framfor andre bøker?

Når ein kollega kjem for seint på jobb

  • Tenk deg at du har ein kollega som alltid kjem for seint. Fram til no er det berre du som har sett det. På sikt vil dette føre til problem – det er jo ein grunn til at de skal vere to på jobb når arbeidsdagen startar. Kva skal du gjere i denne situasjonen?
  • Gå saman to og to. Byt på å vere den som kjem for seint, og den som alltid møter presist. Spel situasjonen som eit rollespel. Når begge har spelt begge rollene, kan de gå saman med nokon andre. Spel rollespelet for kvarandre. Vurder etterpå kva som blei likt, og kva som blei ulikt.

Korleis vil du handle i desse tilfella?

  • Ein kunde kjem inn i butikken. Ho fortel at ho har sett på tv at nokre av dei varene de sel, er produserte av barn. Kva gjer du?
  • Ein kunde er oppteken av at alt han kjøper, skal vere produsert så «grønt» som mogleg. Kva gjer du for å hjelpe kunden?
  • Ein kunde prøver klede og har funne fram noko som du synest der heilt frykteleg ut på henne. Sjølv er kunden strålande fornøgd. Kva seier du til kunden når ho spør kva du synest? Denne oppgåva kan du også spele som eit rollespel saman med ein av medelevane dine.

Kven bestemmer?

  • Du er sjåfør og fraktar ei gruppe passasjerar som har det travelt og skal rekke eit viktig møte. Det er haust, og det begynner å bli kaldt. Du har gode dekk, god bil og er ein god sjåfør. Passasjerane ønskjer at du skal køyre så fort som fartsgrensa tillèt, slik at dei kjem fram i tide. Kva vurderingar gjer du?

Læringsressursar

Etiske retningslinjer