Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. Etiske retningslinjerChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Etiske retningslinjer

Etiske retningslinjer er reglar for kva som er riktig handlemåte (åtferd) i ulike situasjonar. Etiske retningslinjer kan hjelpe oss til å velje riktig handlemåte i ulike situasjonar.

Statue som held ei skålvekt. Foto.

Mange bedrifter har utarbeidd etiske retningslinjer for sine tilsette. I dei etiske retningslinjene blir det skildra kva forventningar bedrifta har til medarbeidarane si åtferd.

Få og enkle reglar

Næringslivets hovudorganisasjon (NHO) rår bedriftene til å ha få og enkle reglar. Det er viktig at reglane er klare og tydelege, slik at det er mogleg å følgje dei i praksis.

NHO seier at etiske retningslinjer må vere:

  • enkle å forstå – dei må vere konkrete og trekkje klare grenser som ikkje krev juridisk kompetanse eller annan spesialkompetanse
  • relevante for medarbeidarane sin kvardag og dei utfordringane og dilemmaa som kan oppstå
  • ha avgrensa omfang slik at dei er lette å setje seg inn i

Leiarar må vere eit godt føredøme, følgje opp og sjå til at medarbeidarane praktiserer retningslinjene.

Læringsressursar

Etiske retningslinjer