Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. Trendar i produktutviklingaChevronRight
  4. Korleis tilpasse produkt- og tenesteleveranse etter trendane?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Korleis tilpasse produkt- og tenesteleveranse etter trendane?

Vi har no sett på ei rekkje ulike trendar som bedrifter må ta omsyn til når dei skal vidareutvikle seg. Spørsmålet er då: Korleis bør bedrifta tilpasse produkta og tenestene sine etter desse trendane?

Kvinne hell vaskepulver i vaskemaskin. Foto.

Vaskepulver som døme

Her skal vi ta for oss ein vaskepulverprodusent som døme og sjå nærare på korleis han kan tilpasse seg trendane i dagens samfunn.

Trendar Korleis kan produsenten tilpasse seg? Dømet med vaskepulverprodusenten
Demografiske endringar

ved å følgje med på utviklinga – Statisk sentralbyrå har statistikk

Det har vore ei utvikling mot at vi får fleire og mindre hushald – mange einslege med og utan barn. Har dette noko å seie for produktutviklinga av vaskepulver? Bør vi satse på mindre pakningar?
Internasjonalisering ved å følgje med på utviklinga i heile verda Verda er marknaden. Kva for delar av verda kan vi vurdere å selje til?
Raske endringar ved å vurdere om produkta krev rask produktutvikling Vaskepulver er ikkje ein type produkt der utviklinga skjer kontinuerleg.
Service ved å vurdere kva slags service bedrifta kan tilby Vi kan lage ei heimeside med gode råd om vask – det kan oppfattast som god service.
Design ved å designe emballasjen slik at han blir finare og meir praktisk Vi kan tilby refillpakningar og spesielle dyrare pakningar som ser bra ut og fungerer godt.
Kravstore forbrukarar ved å tilby eit produkt som fungerer betre enn før Vi kan tilby meir brukarvennleg emballasje, enklare dosering og eit forbetra produkt som vaskar både reint og skånsamt
Miljø

ved å vurdere om produktet kan få ein miljøprofil

Vaskepulver inneheld kjemikaliar som bør vere testa slik at dei ikkje framkallar allergi eller liknande. Likeins bør pulveret vere mogleg å bryte ned og ikkje forureine naturen. Refillpakningar kan vere ei moglegheit også her.
Helse og sunnheit ved å sjå på om produktet kan knytast opp mot helse og sunnheit Når ein trener og er aktiv, må ein vaske kleda etterpå. Vi kan kommunisere at vaskepulveret fjernar sveitte og vond lukt.
Brukarmedverknad i tenesteproduksjon ved å vurdere brukarmedverknad dersom bedrifta produserer tenester Vi tilbyr ikkje tenester, så dette er ikkje aktuelt for oss.
Brukarmedverknad i produktutvikling ved å vurdere å engasjere brukarar i arbeidet med å forbetre produktet Vi kan opprette ei Facebook-side og lage aktivitetar som kan engasjere brukarane. Kanskje kan vi stimulere til tips ved å premiere gode forslag.

Oppgåve

Lag din eigen tabell som viser korleis produkta flyreiser og mobiltelefonar kan tilpassast trendane.

Læringsressursar

Trendar i produktutviklinga