Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. Trendar i produktutviklingaChevronRight
  4. Trend: Demografiske endringarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Trend: Demografiske endringar

Samfunnet er i stadig utvikling. Til dømes blir det fleire og fleire som lever åleine, og det blir stadig fleire eldre. Forbruket endrar seg på grunn av slike forandringar, som vi kallar demografiske endringar. Dette er noko bedriftene som skal konkurrere på marknaden, også må ta omsyn til.

Smilande menneske i ein ring mot kamera. Foto.

Demografiske data

Demografiske data blir ofte brukte for å forklare kjøpsåtferda til forbrukarane. Vanlege demografiske variablar er bustad, hustype, kjønn, alder, inntekt, stilling, utdanning, sivilstand og talet på personar i husstanden. Sjølv om slike variablar ikkje alltid kan forklare heile kjøpsåtferda, har dei til ein viss grad noko å seie.

Er du kvinne, er det til dømes større sannsynlegheit for at du bruker sminke. Har du god inntekt, er det større sannsynlegheit for at du kjøper ein dyr bil, og så vidare.

I dagens samfunn er det ein trend at det blir fleire små hushald, og det blir fleire einslege – både med og utan barn. Bedriftene må då vurdere korleis dei kan utvikle produkt som passar til desse stadig veksande målgruppene.

At bedrifta Fjordland tilbyr ferdig middag i singelporsjonar, og at mange reisebyrå no tilbyr singelturar, er døme på produkt som nettopp er baserte på at det finst mange einslege.

Det er også fleire med høgare utdanning no enn tidlegare. Inntektsnivået er høgare, og folk blir eldre før dei får barn. Bedriftene må følgje med på alle slike endringar, og produkta må tilpassast.

Befolkning og areal i tettsteder

Læringsressursar

Trendar i produktutviklinga