Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. Trendar i produktutviklingaChevronRight
  4. Trend: Internasjonalisering og miljøChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Trend: Internasjonalisering og miljø

To sterke trendar i dagens marknad er internasjonalisering og interesse for miljøet. Her i Noreg har det dei siste åra vore stor interesse for miljøvennlege bilar, kjøp av klimakvotar og attvinning av avfall.

Hand heldr ei lyspære omkransa av energi-ikon. Foto.

Internasjonalisering

Større verdshandel i frie marknader gir både fleire moglegheiter og fleire utfordringar. Verdsmarknaden består av nesten endelaust mange potensielle kundar, men samtidig er det berre å innsjå at det òg finst svært mange konkurrentar i denne marknaden!

Miljø

I dag er dei fleste einige om at vi må verne om miljøet, og at vi føretrekkjer meir miljøvennlege produkt framfor dei som er mindre miljøvennlege. Det vil derfor vere eit konkurransefortrinn at produkta til ei bedrift er «grønare» enn produkta til konkurrentane.

Det er ikkje berre bilprodusentar som er opptekne av å bli meir miljøvennlege, det er noko dei fleste produsentane av varer og tenester er opptekne av. Til dømes satsar hotellkjeda Nordic Choice stort på miljø og skildrar dette engasjementet på heimesidene sine.

Tenk over

Kva for nokre produkt er det som blir selde over heile verda i dag? Kva for nokre norske produkt er det som berre blir omsette i Noreg? Kvifor er det slik?

Læringsressursar

Trendar i produktutviklinga