Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. Trendar i produktutviklingaChevronRight
  4. Trend: Automatisering av produksjonenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Trend: Automatisering av produksjonen

Arbeid som tidlegare blei utført av menneske, blir i stadig større grad utført av maskiner. Denne effektiviseringa som går ut på å erstatte arbeidskraft med maskiner, gir reduserte kostnader og konkurransefortrinn til bedrifter som er innovative.

Robot og menneske håndhilser. Foto.

I dag tingar vi som oftast flybillettane våre sjølve via Internett i staden for å gå om eit reisebyrå. På same måte bruker dei aller fleste av oss nettbankar, og kanskje tingar vi òg mange av bøkene vi kjøper, på ein nettbokhandel i staden for å gå i bokhandelen.

Styresmaktene sparer til dømes store ressursar ved å la kundane sjølve gjere jobben når dei bestiller skattekort og melder flytting elektronisk via Altinn. Bankane sparer òg store summar ved å la kundane sjølve taste inn KID-nummer og betale rekningane via nettbanken.

Læringsressursar

Trendar i produktutviklinga