Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. Trendar i produktutviklingaChevronRight
  4. Trend: Kravstore forbrukararChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Trend: Kravstore forbrukarar

Stadig høgare levestandard og større interesse for helse og sunn livsstil fører til nye krav frå kundane. Vi får med andre ord meir kravstore forbrukarar.

Utsikt over Dødehavet fra eit spahotell. Foto.

Kundane stiller høge krav

I dag er levestandarden i Noreg høg, og kundane forventar at han vil halde fram med å auke. Derfor etterspør kundar stadig betre og meir komplette produkt.

Vi nordmenn pussar til dømes opp heimane våre, vi byggjer hytter med ei rekkje komfortordningar, og vi reiser på lange og dyre opplevingsturar i feriane. Dette resulterer i at dei bedriftene som leverer denne typen produkt, stadig må vidareutvikle dei for å dekkje behovet i marknaden.

Helse og sunn livsstil

Ein sunn livsstil og ei god helse har stor verdi og er i dag noko dei fleste ser på som både viktig og riktig. Ein er ikkje heilt vellykka viss ein ikkje spring maraton, går eller syklar Birken – eller i det minste bruker tre–fire kveldar i veka på eit treningsstudio eller i lysløypa.

Riktig mat er òg viktig. Den gamle husmannskosten har atter blitt «in». Trenden no er at maten skal vere kortreist og laga frå botnen av. Viss produktet i tillegg signaliserer sunnheit, trening og helse, er dette positive signalverdiar, og det veit vi er viktig for mange forbrukarar.

Leverandørane av helse og sunn mat nyttar seg naturleg nok av denne trenden. Vi finn til dømes spa-hotell, treningssenter med tallause treningsvariantar, trenings- og helsetips i både vekeblad og aviser, barnevogner eigna for springing, nøkkelholsmerkte matvarer og trenings-appar til iPhone. Utvalet er stort – og det veks stadig.

Læringsressursar

Trendar i produktutviklinga