Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. Trendar i produktutviklingaChevronRight
  4. Trend: BrukarmedverknadChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Trend: Brukarmedverknad

Forventar du at frisøren involverer deg når du skal klippe håret? Forventar du å bli involvert når legen din stiller ein diagnose? Antakeleg vil du svare ja på desse spørsmåla. At aktive og krevjande kundar medverkar til å utvikle produkta, er ein stadig sterkare trend i marknaden.

Emoji av smily, snakkeboble og tommel opp. Illustrasjon.

Brukarane medverkar aktivt i tenesteproduksjonen

For å sikre at tenesta blir best mogleg tilpassa dei ønska og behova kunden har, samhandlar kunden og tenesteytaren. For ein del tenester er rett til brukarmedverknad også lovfesta, til dømes for barnehagar, skular og i eldreomsorga.

Mange reiseoperatørar tilbyr «pakkar» som kan tilpassast dei ønska kundane måtte ha når det gjeld både opplevingar, servering, overnatting og standard elles.

Eit døme på at kundane medverkar i tenesteproduksjonen, ser vi hos Coop. Dei utviklar ein ny prosess for betaling av daglegvarer. Kunden kan no gjere det sjølv ved hjelp av mobilen. Dette er eit døme på aktiv brukarmedverknad, teknologisk utvikling, produktutvikling og automatisering!

Marknadsdriven produktutvikling

Med Internett og framvoksteren av dei nye sosiale media, har det blitt enklare å få kundane involverte i produktutvikling. Vi kan seie at det er ein trend at produktutvikling er marknadsdrive i større grad enn før ved at brukarane no blir involverte i prosessen.

Dei nye sosiale media gir forbrukarane ei unik moglegheit til å seie si meining om produkta og til å vere i samhandling med leverandøren.

Det er svært mange bedrifter som har etablert ei eiga Facebook-side, og mange bruker denne aktivt for å engasjere kundane og få innspel som kan føre til produktutvikling. Der kan kundane fortelje kva dei liker eller ikkje liker ved produkta, og dei kan føreslå forbetringar, komme med tips om nye behov og så vidare.

Læringsressursar

Trendar i produktutviklinga