Hopp til innhald

SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Trend: Design

I dag er det ikkje berre funksjonaliteten til produktet som er viktig, det er minst like viktig at produktet har ein «bra» utsjånad. Anten det er ei leselampe, ein kjøkenreiskap, eit par joggesko eller eit skrivebord, er designen viktig.

Jente som står ved en parkert sykkel. Foto.

Design blir stadig viktigare

Utsjånaden eller designen til eit produkt er svært viktig, og viktigheita av god design blir stadig større. Ein sykkel er ikkje lenger berre noko som fraktar deg frå heimen til jobben eller på ein treningstur i nærområdet, han må òg ha rett design.

Kva som er rett design, heng ofte saman med motar. Motar skiftar som kjent hyppig, og dette krev stadig ny design. Design handlar også om interiør i ein butikk, om design av ein rett på restaurant og om design av nettsider.

Men det er ikkje berre produktet sjølv som skal sjå bra ut; også emballasjen er ofte viktig.

Læringsressursar