Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. Trendar i produktutviklingaChevronRight
  4. Trend: Høgare krav til serviceChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Trend: Høgare krav til service

God service blir stadig viktigare. Når konkurransen i marknaden er hard, kan service vere det konkurransemiddelet som er mest effektivt.

Ringeklokke på en hotelldisk. Foto.

Kundeservice stadig viktigare

Personalet utgjer ein svært viktig del av det kundane oppfattar som service. Sjølvsagt må rammene for god service vere til stades (som til dømes feilfrie produkt, sikre leveransar og så vidare), men det som truleg er viktigast for servicenivået, er at ein dyktig og serviceinnstilt kundebehandlar stiller opp for kunden.

Den servicen som personalet i ei bedrift yter overfor kundane, er vanskeleg for andre bedrifter å kopiere. God service vil derfor vere eit svært viktig konkurransefortrinn i kampen om kundane.

Eit døme på dette finn vi til dømes i butikkjeda Dressmann. Dei marknadsfører seg som «best på service». Mange bedrifter har svært tilfredse kundar, og mykje av dette kjem nok også av evna til å yte service.

Her kan du sjå resultatet av forskingsprosjektet Norsk Kundebarometer ved Handelshøyskolen BI, og her måler ein nettopp kor tilfredse kundar er.

Læringsressursar

Trendar i produktutviklinga