Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. Trendar i produktutviklingaChevronRight
  4. Produktutvikling og det utvida produktetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Produktutvikling og det utvida produktet

Det er ikkje berre sjølve kjerneproduktet som skal utviklast – alle elementa som inngår i eit produkt, må varetakast i produktutviklinga. Nokre av desse «utvida produkta» er svært viktige for ei god kundeoppleving.

Frisør som klipper panneluggen på ein ung dame. Foto.

Det utvida produktet

Figuren under viser kva for nokre andre delar enn kjerneproduktet som kan inngå i eit produkt.

La oss sjå på eit døme på det utvida produktet:

Ein frisør har hårklipp som kjerneproduktet sitt, og sjølvsagt driv frisøren stadig produktutvikling av dette kjerneproduktet. Men i tillegg til å utvikle kjerneproduktet, vil frisøren utvikle dei andre elementa som også er ein del av tenesta. Det kan vere val av gode hårpleieprodukt som frisøren bruker, gir opplæring i og tilbyr for sal.

På same måte vil all annan type opplæring som frisøren gir til kundane sine, vere ein del av det utvida produktet. Når frisøren har lært noko nytt, kan han vidareformidle denne kunnskapen til kundane sine. Dette blir ei form for produktutvikling som ikkje går på sjølve kjerneproduktet, men på andre delar av produktet.

Læringsressursar

Trendar i produktutviklinga