Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. Trendar i produktutviklingaChevronRight
  4. Trend: Høgt tempoChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Trend: Høgt tempo

Samfunnet i dag er kjenneteikna av raske endringar. For 50 år sidan var utviklinga mykje rolegare. Det blei utvikla eit nytt produkt, og så blei dette produktet produsert like eins i ein relativt lang periode.

Dame som bruker virtual reality headset. Foto.

Endringane skjer stadig raskare

I dag blir det lansert nyheiter heile tida, og det er mange konkurrentar som driv produktutviklinga vidare. Viss ei bedrift kjem med ei produktnyheit, tek det ikkje lang tid før konkurrentane kjem med eit produkt som har det same – pluss gjerne litt til!

Det blir til dømes lansert nye sjampoar, maskaraer og dekkremar heile tida, og vi får òg stadig nye lettprodukt, nye pizzatypar og nye og forbetra mobiltelefonar. Nyheiter sel!

Mobiltelefon, nettbrett og pc i stabel. Foto.

Læringsressursar

Trendar i produktutviklinga