Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. KonflikthandteringChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Konflikthandtering

Servicemedarbeidarer skal kunne vurdere konfliktrisiko i ulike situasjonar og føreslå tiltak for å førebyggje og handtere konfliktrisiko.

Konflikt

I dette emnet skal du lære å vurdere kva som kan skape ein konflikt, korleis vi kan unngå konfliktar, og korleis du kan setje inn tiltak for å handtere konfliktrisikoen. Det vi skal sjå på, er typar konfliktar du som medarbeidar innanfor sal, service og tryggleik kan oppleve i arbeidslivet.

Kva bør du vite om konfliktar?

Som servicemedarbeidar er det viktig at du

  • har kunnskapar om ulike typar konfliktar
  • kjenner til korleis konfliktar kan utvikle seg og forsterkast
  • har ferdigheiter i å handtere konfliktar
  • har ferdigheiter i kommunikasjon, slik at du ikkje bidreg til å forsterke konflikten

Konflikt vil seie samanstøyt mellom interesser, verdiar og/eller handlingar. På arbeidsplassen kan det oppstå konfliktar mellom

  • arbeidsgivar og medarbeidarar
  • to eller fleire medarbeidarar
  • medarbeidarar og kundar

Konsekvensar av konfliktar i arbeidslivet kan vere dårleg arbeidsmiljø, uvennskap, krenkingar, dårleg sjølvtillit, sjukemeldingar, dårleg kundeservice, dårleg omdømme for butikken og redusert omsetning.

For å kunne avdekkje konfliktrisiko må du kunne kjenne igjen og oppdage signal på at ein konflikt kan vere i emning.

Læringsressursar

Konflikthandtering