Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. MarknadsplanenChevronRight
  4. MarknadsprogramChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Marknadsprogram

Eit marknadsprogram, eller aktivitetsplan, er ei oversikt over kva marknadsaktivitetar ei bedrift skal gjennomføre i ein bestemt periode.

Armer som samarbeider over et bord med post-it lapper. Foto.

Hovudmålet med å gjennomføre ein marknadsplanprosess er å lage eit marknadsprogram. Det er marknadsprogrammet som skildrar kva for marknadsaktivitetar bedrifta skal gjennomføre i den kommande perioden.

Marknadsprogrammet må gi svare på fleire spørsmål:

  • Kva marknadsaktivitetar skal gjerast?
  • Når skal dei gjerast?
  • Kven skal gjennomføre aktivitetane?
  • Kva vil aktivitetane koste?
  • Korleis kan resultatet av aktivitetane målast?

Eit enkelt marknadsprogram for ein liten restaurant kan sjå slik ut:

Tidsperiode
Mål MålgruppeAktivitetBudsjett i krAnsvarKontroll
Januar t.o.m maiAuke omsetninga med 10 % (ift. same periode i fjor)Forretningsfolk i nærområdetSalskampanje, tilpassa meny10 000 kr
NNRekneskap, spørje- undersøking
Juni t.o.m augustAuke omsetninga med 20 % (ift. same periode i fjor)Bebuarar i kommunen og turistarSalskampanje, tilpassa sommarmeny.10 000 kr
NNRekneskap, spørje-undersøking
September og oktoberAuke omsetninga med 20 % (ift. same periode i fjor)Forretningsfolk. Bebuarar i nærområdetSalskampanje, tilpassa viltmeny8 000 kr
NNRekneskap, spørje-undersøking
November og desemberAuke omsetninga med 25 % (ift. same periode i fjor)Bedrifter, lag og foreiningarSalskampanje, julebord5 000 kr
NNRekneskap, spørje-undersøking

I praksis har bedrifta ofte behov for å lage marknadsprogrammet på to nivå:

  • eit nivå som viser alle aktivitetane i perioden med eit relativt lågt detaljnivå (handlingsplanen)
  • eit nivå som skildrar dei ulike aktivitetane på ein meir detaljert måte (også kalla ein marknadsaktivitetsoversikt eller kampanjeplan)

Læringsressursar

Marknadsplanen