Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. MarknadsplanenChevronRight
  4. Arbeidet med marknadsplanenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Arbeidet med marknadsplanen

Arbeidet med å lage ein marknadsplan er viktig. Ikkje berre fordi planen er ein viktig reiskap i seg sjølv, men også fordi vi i samband med arbeidet lærer mykje om produkta våre, kva utfordringa bedrifta står overfor, og korleis vi kan løyse dei.

Gruppearbeid. Foto.

Korleis bør vi arbeide med marknadsplanen?

Sjølve arbeidet med å lage marknadsplanen er ingen strengt lineær og kronologisk prosess. Det er ikkje slik at vi første gjer ein situasjonsanalyse, deretter formulerer ein forretningsidé og så vidare. Mykje av arbeidet skjer samstundes, og når vi har komme fram til eit resultat, går vi kanskje tilbake i prosesen og endrar på noko vi hadde komme fram til tidlegare.

Planleggingsprosessen – altså det å lage sjølve plandokumentet – er minst like viktig som det ferdige dokumentet. Forståinga vi oppnår gjennom arbeidet, er heilt sentral. Dei som tek del i dette arbeidet, lærer seg å bli meir medvitne om dei vala dei gjer når dei arbeider med marknadsføring.

Kven bør delta i arbeidet med marknadsplanen?

Det at sjølve planleggingsarbeidet er så viktig, gjer at vi må tenkje nøye gjennom kven som skal delta i dette arbeidet. Ofte er det slik at dei som tek del i denne arbeidsprosessen, får eit eigeforhold til plandokumentet. Dermed står dei inne for dei planane som ligg føre, og bruker dei aktivt. Dette er ein fordel når planen seinare skal setjast ut i livet.

Når du skal lage ein marknadsplan, skal du altså starte ein arbeidsprosess i bedrifta. Om det er fleire tilsette i bedrifta, bør du sjå til at fleire enn du sjølv er involvert i arbeidet. Det kan også vere lurt å få med seg nokre som arbeider utanfor bedrifta di.

Blir du sitjande åleine med arbeidet, får du ikkje input frå andre, og det vil vere ein fare for at du ikkje ser alle dei moglegheitene som finst (dette gjeld uansett om du er ein driven marknadsplanleggjar eller om du har liten kompetanse innan emnet.)

Korleis lage ein marknadsplan for bedrifta vår?

Et råd er at du startar med ein gong med å skrive på marknadsplandokumentet. Bruk ein mal du har for marknadsplanen, til dømes denne .

Læringsressursar

Marknadsplanen