Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. MarknadsplanenChevronRight
  4. Oppfølging og kontrollChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Oppfølging og kontroll

Det siste punktet i markedsplanen gir ei skildring av kva kontrolltiltak vi utfører for å overvake og justere gjennomføringa av sjølve marknadsplanen. Med jamne mellomrom bør du kontrollere om du når måla dine, slik at det er mogleg å justere undervegs i perioden ved behov.

Armer som samarbeider over et bord med post-it lapper. Foto.

Jevnleg kontroll og oppfølging

Ved å kontrollere jevnleg om du når måla dine, kan du heile tida forbetre deg ved å lære av dei feila du eventuelt har gjort. Dersom det er marknadsaktivitetar – til dømes ein annonsekampanje – som vi har gjennomført utan å oppnå gode resultat, er det viktig å lære av dette og lage ein betre kampanje neste gong.

Det må også lagast ein tidsplan for evaluering og eventuelle avgjersler om nye tiltak.

Det finst mange ulike typar resultatkontroll. I tabellen under finn du nokre av dei.

TYPAR RESULTATKONTROLL
KONTROLLTYPE KONTROLLERES FOR Å:
KONTROLLMETODAR
Budsjettkontroll Vurdere om bedrifta har nådd dei formulerte måla.
Salsanalysar, sals-/kostnadsanalysar, marknadsanalyser, haldningsanalysar.
Lønnsemdskontroll Vurdere om/kvar bedrifta tener eller taper pengar.
Lønnsemdssanalysar av produkt og produktgrupper, kundar og kunde-grupper, distrikter, segment.
Effektkontroll Vurdere kor effektiv ressursutnyttinga er når det gjeld bruk av marknadsføringsmiddel.
Effektivitetsmålingar av marknadskommunikasjonen (reklame, messer, salsapparatet osv.).
Strategisk kontroll
Vurdere om valet av målgrupper er optimalt, og om konkurransemidla blir brukt mest mogleg effektivt.
Marknadsrevisjon. En gjennomgang av den totale marknadssituasjonen til bedrifta.

Effektkontrollar

I samband med ulike kampanjar vil vi ofte gjennomføre såkalla effektkontrollar. Vi sjekkar om det vi har oppnådd samsvarer med måla våre.

Då ønskjer vi svar på problemstillingar som desse:

  • For reklame-/annonseeffektivitet: Korleis er effektiviteten av annonseringa? Var salet større i kampanjeperioden enn i perioden før? Fekk kundane større kunnskap om produktet etter kampanjen?
  • For salseffektivitet: Kor mange kundar vitja seljarane per dag? Kor mykje kostar ei salsvitjing? Kor stor er den gjennomsnittlege omsetninga per kundevitjing?

Læringsressursar

Marknadsplanen