Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. MarknadsplanenChevronRight
  4. MarknadsstrategiChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Marknadsstrategi

Ein marknadsstrategi er ein nøyaktig plan for korleis du skal nå marknadsmåla dine. Dette inneber mellom anna spørsmål som: Kva marknader skal bedrifta velje, og kva verkemiddel skal ho nytte for å lykkast i dei marknadene?

Mennesker rundt et lyspunkt. Foto.

Når vi skal lage ein marknadsstrategi, må vi mellom anna vurdere

  • segmentering (oppdeling) av marknaden og val av målgrupper
  • bruk av konkurransemiddel

Segmentering av marknaden og val av målgrupper

Marknadssegmentering vil seie å dele marknaden inn i ulike segment eller delar. Kvart segment består av mest mogleg like kundar.

Desse kundane kan utgjere den kundegruppa bedrifta meiner er potensielle kjøparar av produkta bedrifta tilbyd. Gruppa av potensielle kundar kallar vi målgruppa. Tanken er at bedrifta skal konsentrere innsatsen sin om denne målgruppa.

Dersom du til dømes eig eller arbeider på eit hotell, vil du ønskje å rette deg mot ei bestemt gruppe kundar. Om hotellet ligg avsides til på Vestlandet, kan målgruppa di vere turistar som ønskjer flott natur og rolege omgivnader. Er hotellet plassert i ein storby rett ved eit sportsstadion og konsertlokale, ønskjer du kanskje å tiltrekkje deg publikum som kjem utanbys frå til desse arenaene.

For meir informasjon om segmentering kan du sjå denne videoen Markedssegmentering

Bruk av konkurransemiddel

Konkurransemidla kan oppsummerast i de fem p-ane slik du kanskje hugsar dei frå Vg1.

Produkt

Produktet er dei varene og tenestene som bedrifta omset. For mange bedrifter er sjølve produktet det viktigaste konkurransemiddelet. Dette gjeld til dømes IT-firmaet Apple som satsar tungt på produktutvikling og kvalitet.

Pris

Pris kan vere avgjerande for om produktet lykkast i marknaden eller ikkje. Mange bedrifter har pris som sitt viktigaste verkemiddel. Dette gjeld til dømes Nille som har ein såkalla lågprisprofil.

Plass (distribusjon)

Distribusjonspolitikken går ut på å velje korleis kundane skal få produkta tilbodne. Produkta kan tilbydast via visse typar butikkar, i spesielle kjeder, på nettet, via «home parties» og så vidare.

Enkelte bedrifter satsar på eksklusiv distribusjon – det vil seie berre distribusjon gjennom utvalde kanalar. Dette gjeld til dømes hårpleieprodukta frå Renati som berre er å få kjøpt i frisørsalongar.

Påverknad (markedskommunikasjon)

Kundane må informerast om produkta, og bedrifta må derfor finne ut korleis marknaden bør påverkast. Bedrifter og organisasjonar har mange moglegheiter for å påverke målgruppene sine.

Her ser du ein reklamefilm Helsetilsynet har brukt i ein kampanje dei hadde mot røyking.

Personale

I produktomgrepet inngår både produkt og tenester (og ei blanding av desse). Tenestedelen av eit produkt blir ofte utført av personalet i verksemda.

Marknadsmiks

Den samansetjinga av konkurransemiddel som bedrifta vel, kallar vi ofte marknadsmiksen.

Nokre bedrifter vel til dømes ein lågprisstrategi (Nille), og dei må då tilpasse dei andre konkurransemidla til dette. Bedrifta kan ikkje ha ein lågprisprofil og samstundes ha utsalsstader som oser av luksus. Tvert imot vil dei ha enkle, funksjonelle lokale som kan driftast kostnadseffektivt. Ei lågpriskjede annonserer ikkje i blad kor målgruppa er oppteken av eksklusive produkt, men bruker heller marknadsføringsbudsjettet sitt på å sende ut eigne såkalla annonseblad. For å satse i ein lågprismarknad må kjeda ofte vere stor og ha høg omsetjing. Når dei kjøper inn store parti, får dei også gode innkjøpsprisar, og dei kan halde utsalsprisane låge. Lågpriskjedene tener kanskje ikkje så mykje per vare dei sel, men dei sel mange varer og får ei god forteneste gjennom volumet.

Marknadsmiksen

Bruken av konkurransemidla produkt, pris, plass (distribusjon), påverknad og personale.

Læringsressursar

Marknadsplanen