Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. MarknadsplanenChevronRight
  4. MarknadsmålChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Marknadsmål

Marknadsmål vil seie dei måla du set deg med marknadsføringa. Poenget med å setje slike mål er at bedrifta skal ha noko å strekkje seg etter. Mål er viktige både for økonomisk styring av bedrifta og for motiviasjonen til dei tilsette.

Fotball i mål. Foto.

Når bedrifta arbeider med marknadsplanen, må også måla som har med økonomi og marknad å gjera, formulerast. Måla blir sette ut frå den kunnskapen bedrifta har om marknaden, og kva moglegheiter bedrifta har til å lykkast med salet sitt.

Måla kan uttrykkjast til dømes i salsvolum, marknadsdel eller lønnsemd.

Døme på kvantitative marknadsmål

  • Omsetninga skal neste år vere 12 millionar kroner.
  • Marknadsdelen vår skal neste år aukast til 25 prosent.
  • Dekningsgraden skal neste år vere 40 prosent.

Måla over er moglege å kvantifisere, det vil seie at dei kan talfestast. Det finst også mål som i mindre grad er moglege å kvantifisere.

Døme på kvalitative marknadsmål

  • Bedrifta vår skal gi den beste servicen på marknaden.
  • Bedrifta vår skal ha dei hyggjelegaste seljarane.

Når marknadsmåla er avklate, kan bedrifta begynne å arbeide med sjølve marknadsstrategien.

Læringsressursar

Marknadsplanen