Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. MarknadsplanenChevronRight
  4. SOFT - analyseChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

SOFT - analyse

Ein SOFT-analyse er ein systematisk gjennomgang av de tilhøva som ein bedrift må ta omsyn til. Dette er positive og negative tilhøve i og utanfor bedrifta som vi kallar for arbeidsvilkår. Ein slik SOFT-analyse er avgjersgrunnlaget for det vidare arbeidet med marknadsplanen.

Mann klatrer inn i pappeske. Foto.

Bedrifta må kjenne godt til den marknaden ho opererer i, og kva arbeidsvilkår ho er underlagd. Dette betyr mellom anna at bedrifta må kjenne konkurrentane sine, kva lovar og reglar som gjeld i bransjen, og sine eigne konkurransefordelar.

Situasjonsanalyse og markedsmoglegheiter

For å utarbeide ein marknadsplan treng bedrifta kunnskap om marknaden. Bedrifta bør mellom anna kjenne til

  • kundane og kjøpsåtferda deira
  • storleiken på marknaden
  • utviklinga i marknaden
  • kven som er konkurrentane deira, kva dei gjer, og kva dei vil gjere i framtida
  • ulike trendar i samfunnet, framtidig kjøpekraft, utviklinga i lovverket og andre rammevilkår

For å finne ut av dette kan det vere nødvendig med marknadsundersøkingar og anna systematisk datainnhenting. Til dømes kan det vere nødvendig å intervjue kundar, samle inn data om marknadsdelane og produkta til konkurrentane og å undersøke kva som kan ventast av framtidig teknologi.

Vi deler slike arbeidsvilkår inn i to grupper: eksterne og interne arbeidsvilkår. Ein analyse av vilkåra kallar vi for ein SOFT-analyse (etter forbokstavane i dei engelske orda):

SOFT er ei engelsk forkorting som står for «Strengths» (sterke sider), «Opportunities» (moglegheitar), «Faults» (svake sider) og «Threats» (truslar).

I tillegg til å undersøkje eksterne truslar og moglegheiter – som til dømes konkurrentar, nye lovar og marknadstrendar – er det viktig at bedrita gjer ein analyse av sine eigne styrkar og svakheiter. Kor høg kompetanse har til dømes dei tilsette? Har bedrifta særs dårleg økonomi? Slike spørsmål må også ha svar.

SWOT eller SOFT?

Somme lærebøker bruker omgrepet SWOT i staden for SOFT. Det er berre rekkjefølgja som er annleis, og «Faults» er bytt ut med «Weaknesses» (feil eller manglar). Ikkje la deg forvirre!

Ein slik situasjonsanalyse – eller SOFT-analyse – er avgjersgrunnlaget for det vidare arbeidet med marknadsplanen.

Læringsressursar

Marknadsplanen