Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. MarknadsplanenChevronRight
  4. Vurdere forretningsidearChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Vurdere forretningsidear

I denne oppgåva skal du lage og vurdere forretningsidear.

Kreativt team vurderer et bilde
  1. Søk på nettet etter forretningsidear. Vel ut ein du synest ser interessant ut. Vurder så forretningsideen. Er det noko du synest manglar i forretningsideen? Svarer forretningsideen på desse spørsmåla?
    1. Kva for behov skal bedrifta tilfredsstille?
    2. Kva for produkt skal bedrifta tilby?
    3. Kven skal kjøpe produkta?
    4. Kva for geografisk verkeområde skal bedrifta operere i?
    5. Kvifor skal kundane kjøpe produkta til bedrifta?
    6. På kva måte skal bedrifta tene pengar ved å tilby dette produktet? Korleis skal bedrifta nå dei overordna måla sine?
  2. Bruk den same forretningsideen du fann i oppgåve 1.
    1. Diskuter forretningsideen. Er han berekraftig? Kan du tenkje ut eit meir berekraftig produkt? Kan produktet til dømes framstillast i eit meir haldbart materiale, slik at det varer lenger og dermed er meir berekraftig?

    2. Lag eit forslag til ein ny forretningsidé.

Læringsressursar

Marknadsplanen