Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. MarknadsplanenChevronRight
  4. Dei overordna måla til bedriftaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Dei overordna måla til bedrifta

Kva skal bedrifta drive med, og korleis skal ho gjere det? Dette er avgjersler som bedrifta må ta. Ei bedrift bør derfor alltid formulere forretningsideen sin, setje seg overordna mål for drifta og deretter bestemme korleis ho skal nå desse måla.

Mann vurderer økonomien. Foto.

Forretningsidé

Ein forretningsidé skal innehalde ei skildring av kva marknadar bedrifta ønskjer å rette seg mot, kva kundebehov som skal dekkjast, og korleis desse behova skal møtast.

Mange bedrifter har forretningsideen sin klart formulert, medan andre ikkje har eit like bevisst tilhøve til dette. Uansett er det viktig at ideen er formulert slik at den blir fundamentet i marknadsføringa til bedrifta.

Ein forretningsidé bør

  • fokusere på målgruppas behov
  • ta utgangspunkt i eit konkurransefortrinn som kan takast vare på over tid
  • vere enkel, slik at han kan fungere som leiestjerne for dei tilsette

Skal du til dømes formulere ein forretningsidé for ein nystarta klesbutikk, bør du med andre ord vurdere kva type klede kundane dine vil ønskje å kjøpe: Er det dyre designklede eller rimelege kvardagsklede kundane ønskjer?

I tillegg bør du vurdere om du har varige konkurransefortrinn som kan gi deg fordelar. Kanskje ligg butikken din så sentralt plassert i handlestrøket i byen at «alle» ser den?

Eit døme på ein forretningsidé:

Forretningsideen vår er å byggje, eige og drive små og mellomstore vasskraftverk basert på miljøvennlege løysingar. ( Norhydro)

Visjon

I samband med at bedrifta formulerer ein forretningsidé, lagar ho ofte også ein såkalla visjon. Visjonen fortel kvar verksemda ønskjer å vere – ein framtidig, ønskt tilstand. Forretningsideen er på si side meir konkret enn visjonen.

To døme på visjonar:

Fagleg styrke og relevans skal plassere BI blant dei leiande handelshøgskulane i Europa. ( Handelshøyskolen BI)

Tellers visjon er å skape eit forenkla Europa med grenselause moglegheiter og tilfredse kundar. ( Teller)

Bedriftsstrategi

For å setje forretningsideen og visjonen ut i livet må bedrifta velje ein strategi. Bedriftsstrategien er den overordna strategien som er vald. Bedriftsstrategien fortel korleis bedrifta skal arbeide for å realisere måla sine.

Dersom bedrifta til dømes har ei målsetjing om å bli større, kan ho velje mange ulike bedriftsstrategiar for å nå målet. Bedrifta kan til dømes velje å slå seg saman med éin eller fleire konkurrentar for å få større slagkraft, eller ho kan velje å samarbeide med éin eller fleire produsentar.

Ein annan mogleg strategi er den såkalla lågprisstrategien. Bedrifter som daglegvarekjeda Kiwi er eit døme på denne strategien. Kiwi tilbyd eit relativt smalt utval av basisvarer til låge prisar. I same bransje finn vi andre butikkar som har valt ein annan strategi. Til dømes har kjeda Meny større fokus på breitt utval av varer, noko som inkluderer kjende merkevarer til høgare prisar.

Læringsressursar

Marknadsplanen