Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. MarknadsplanenChevronRight
  4. Innhaldet i marknadsplanenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Innhaldet i marknadsplanen

Marknadsplanen er ein del av forretningsplanen til bedrifta og er eit nyttig arbeidsverktøy for å sikre at du bruker ressursane i bedrifta på ein god måte.

Gutt med Post-it-lappe i pannen. Foto.

Innhaldet i marknadsplanen

Marknadsplanen bør innehalde fleire element:

1. Samandrag

Skriv eit samandrag av hovudpunkta i planen. Dette gjer du gjerne heilt til slutt når planen er ferdig.

2. SOFT - analyse

Ein SOFT-analyse er ein systematisk gjennomgang av de tilhøva som ein bedrift må ta omsyn til. Dette er positive og negative tilhøve i og utanfor bedrifta. Han inneheld:

3. Målsetjing

Her fortel du om dei marknadsmåla du har sett deg. Marknadsmåla må ta utgangspunkt i dei overordna måla til bedrifta.

4. Marknadsstrategi

Med marknadsstrategi meiner vi korleis bedrifta går fram overfor kundar og konkurrentar for å skaffe seg varige konkurransefortrinn. Dette inneber mellom anna val av målgrupper og bruk av konkurransemidla (dei 5 p-ane)

5. Marknadsprogram

Eit marknadsprogram er ei oversikt over kva marknadsaktivitetar ei bedrift skal gjennomføre i ein bestemt periode.

  • handlingsplan (hovudprogrammet gir ei oversikt over planperioden)
  • kampanjeplanar (innhaldet i dei enkelte marknadsaktivitetane)

6. Kontroll

Når vi har gjennomført marknadstiltaka våre, er et viktig å undersøkje verknaden dei har hatt. Har dei bidrege til at vi har nådd måla våre?

Læringsressursar

Marknadsplanen