Her finn du utdrag frå lovdata og forskrifter om munnleg-praktisk eksamen, som er like for elevar og privatistar. Under denne artikkelen er det lenker til fylkeskommunale retningslinjer om lokalt gitt eksamen.

Forskrift og fylkeskommunale retningslinjer
Det meste av innhaldet på denne sida er henta frå forskrift til opplæringslova. Dette dannar rammene for avvikling av eksamen. Skuleeigar (fylkeskommunen) kan i tillegg ha sine eigne retningslinjer som gjeld alle vidaregåande skular i fylket. Sjå derfor på lenkene nedst på denne sida.
Storleik på eksamenspartia
Dei fleste fag kan i utgangspunktet ha inntil seks kandidatar i kvar gruppe ved munnleg-praktisk eksamen.
Gjennomføring
Eksamen skal bli organisert slik at eleven eller privatisten kan få vist kompetansen sin i faget. Eksamenskarakteren skal fastsetjast på individuelt grunnlag og gi uttrykk for kompetansen til eleven eller privatisten, slik denne kjem fram på eksamen.
Eksamensoppgåva
Faglærar har plikt til å utarbeide forslag til eksamensoppgåve. Dersom det er usemje om kva eleven skal bli prøvd i, er det den eksterne sensoren som avgjer (jamfør Forskrift til opplæringslova §3-30). Både forslag og eventuelle endringar som faglærar og sensor avtalar, må dei begrunne med utgangspunkt i kompetansemåla i læreplanen. Dei må lage eksamensoppgåva slik at eleven får moglegheit til å vise kompetansen sin i ein så stor del av faget som mogleg. Vurderingskriterium og kjenneteikn på måloppnåing skal vere vedlagd eksamensoppgåva.
Varsling av faglærer og sensor
Faglærar og sensor blir varsla av eksamensskulen seinast 14 dagar før eksamensdatoen. Faglærar tar kontakt med ekstern sensor og presenterer forslag til eksamensoppgåve. Saman med oppgåveforslaget leverer faglærar også oversikt over blant anna læreverk, tekstar, journalar og ei beskriving av kva modell for førebuing og eksamen som eleven skal gjennom.
Varsling av elever
Eleven skal få vite kva fag han eller ho skal bli prøvd i 48 timar før sjølve eksamen. Laurdagar, søndagar, høgtidsdagar og helilagdager skal ikkje bli rekna med.
Førebuingsdel
Fylkeskommunen kan fastsetje at skriftleg eksamen, munnleg-praktisk eksamen og praktisk eksamen som er lokalt gitt, skal bli gjennomført med førebuingsdel som kan vare inntil 48 timar. Val av lang eller kort førebuingstid må bli avgjort i så god tid at elevane er førebudde på dette.
- Lang førebuingstid: inntil 48 timar: Eksamensoppgåva blir delt ut som eit tema eller ei problemstilling. Alle hjelpemiddel er tillatne. Det skal ikkje vere ordinær undervisning, men skulen legg til rette for at elevar som ønsker det, får samarbeide på skulen i ordinær skuletid. Faglærar er etter avtale med elevane tilgjengeleg i samband med undervisningsplikt for å svare på spørsmål.
- Kort førebuingstid: cirka 45 minutt: Elevane skal ikkje ha tilgang til å kommunisere med nokon i denne tida. Eleven får trekkje eller blir tildelt eit tema eller ei problemstilling, men ikkje heile innhaldet i eksamen. Alle hjelpemiddel er tillatne - inkludert utvalde sider på Internett. Notat frå førebuingstida på stempla ark kan bli brukt under eksaminasjonen.
Eksaminasjon

Eksamenstid er på inntil 45 minutt. Normalt er det faglærar som eksaminerer. Den eksterne sensoren kjem med tilleggsspørsmål etter behov. Eksamineringa skal gje eleven moglegheit til å vise kompetansen sin i ein så stor del av faget som mogleg.
Det blir understreka at dersom det blir gjeve eit tema eller ei problemstilling i forkant, må kandidaten bli prøvd i fleire relevante delar av læreplanen enn det som ein kan lese direkte ut av ein eventuell førebuingsdel. Eleven kan derfor få spørsmål frå alle kompetansemåla i læreplanen for faget.
Det praktiske innslaget er oftast delar av eit forsøk som du skal demonstrere og forklare.
Ved lang førebuingstid bør presentasjonen av eit førebudd tema ikkje ta meir enn 12 minutt. Resten av tida blir knytt til andre sentrale læreplanmål og eit praktisk innslag.
Hjelpemiddel på eksamensdagen
Ved lokalt gjeve eksamen fastset skuleeigaren kva hjelpemiddel eleven kan bruke. Dei tillatne hjelpemidla må ikkje svekke grunnlaget for å vurdere kompetansen til eleven eller privatisten.
Vurdering
Vurderinga blir gjennomført av to sensorer, der den eine skal vere ekstern. Faglærar har plikt til å delta i vurderinga som sensor. Eksamenskarakteren skal bli sett på individuelt grunnlag og gje uttrykk for eleven sin kompetanse slik den kjem fram på eksamen. Dersom det er usemje om karakteren, er det den eksterne sensoren som avgjer ( Forskrift til opplæringslova. Eksamen §3-30).
Sjå lenker til fylkeskommunale retningslinjer under.
Læringsressursar
Eksamen
Fagstoff
Videoklipp om presentasjon og foredrag
Kjernestoff- Kjernestoff
Retningslinjer for munnleg-praktisk eksamen og lenkesamlingDu er her
Tips til gjennomføring av eksamen for elev
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Trening til munnleg(-praktisk) eksamen
KjernestoffGamle eksamensoppgåver
Kjernestoff