1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Nyttig fra naturfagChevronRight
  4. EksamenChevronRight
  5. Kva er kravet for å oppnå dei ulike karakterane?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Kva er kravet for å oppnå dei ulike karakterane?

Du må vise at du både har oversikt og detaljkunnskap for å oppnå ein god karakter i naturfag. Her finn du meir om kva som er krav for å oppnå dei ulike karakterane.

Strektegning av elev som står foran en trapp med karakterer på trinnene. Illustrasjon.

Vurdering ved eksamen

Det er sensor 1 (vanlegvis faglæraren din) og sensor 2 (ein lærar frå ein annan skule) som set karakter på eksamenen din, og dei vurderer både det du legg fram, og svara du gir. Det dei ser etter, er i kor stor grad du klarer å

  • bruke naturfaglege omgrep og uttrykksformer
  • formulere spørsmål og hypotesar
  • vise breiddekompetanse (oversikt) og djupnekompetanse (detaljkunnskap)

Dersom du har fått ein naturfagleg tekst under førebuingsdelen, vil dei sjå etter i kor stor grad du er i stand til å tolke og reflektere over innhaldet i teksten. Dette gjeld òg tabellar og diagram. Naturfagsenteret har utarbeidd nokre forslag til kjennetegn på måloppnåelse.

Eksempel på vurdering av eit kompetanseområde

Her er eit eksempel på korleis ein kan vurdere og setje karakterar på ulike nivå. Eksemplet er henta frå kompetansemålet: Beskrive suksesjonsprosessar i eit økosystem:

Karakteren 1:

Oppgåva blir ikkje rekna som bestått dersom du:

  • ikkje klarer å beskrive kva suksesjon er, ikkje kjenner omgrepet eller har misforstått omgrepet
  • ikkje kjenner omgrepet økosystem, slik at du ikkje kan kople dette til eit økosystem

Karakteren 2:

Du kjenner til kva suksesjon er, veit at naturen er i utvikling og kan seie noko om primær og sekundær suksesjon.

Karakteren 3:

Du kan seie meir om suksesjon, komme med eksempel på primær og sekundær suksesjon i praksis.

Karakteren 4:

Du kan komme med eksempel på artar som høyrer heime i ulike suksesjonar, nemne nokre pionerartar og kan gi fleire eksempel på primær og sekundær suksesjon og kjenner til suksesjonar i ulike økosystem.

Karakteren 5:

Du kan forklare kvifor suksesjon skjer, du kjenner til årsaker til suksesjonsprosessane og kan skilje indre og ytre faktorar for suksesjon.

Karakteren 6:

Du må vise spesielt god detaljkunnskap og oversikt, kjenne fleire ulike typar suksesjonar frå ulike økosystem, kjenne til detaljar om artar og ha god og naturleg omgrepsbruk.

Læringsressursar

Eksamen