1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Nyttig fra naturfagChevronRight
  4. EksamenChevronRight
  5. Tips til praktisk gjennomføring av eksamen for lærarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Tips til praktisk gjennomføring av eksamen for lærar

Praktisk-munnlege eksamen består av ein førebuingsdel, del 1, og sjølve eksamen, del 2. Det er mogleg å arrangere eksamen på mange ulike måtar, og skuleeigaren kan fastsetje lokale retningslinjer for gjennomføringa av lokalt gjeve eksamen.

Jente som er oppe til muntlig eksamen. Foto.

Del 1

Munnleg-praktisk eksamen kan bli gjennomført på fleire måtar. Førebuingsdelen kan vere kort (om lag 45 minutt) eller lang (48 timar). Tema eller delar av oppgåva kan du gje til elevane allereie ved trekktidspunktet, eller du kan gje det så seint som 45 minutt før eksamenstidspunktet.

Kort førebuingsdel er den mest tradisjonelle måten å organisere eksamen på. Alle hjelpemiddel (inkludert utvalde sider på Internett) er lov å bruke, med unntak av kommunikasjon.

Nokon vel å gje elevane ein ukjend naturfagleg tekst (gjerne med diagram eller tabellar), som opnar for diskusjon. Stader for å sjå etter aktuelle tekstar eller aktuelle tema kan vere forskning.no, miljølære.no og naturfag.no. Det er òg mogleg å gjennomføre elevforsøk i del 1 og bruke dette som utgangspunkt for vidare diskusjon i del 2.

Ved lang førebuingsdel kan kandidaten opphalde seg der han/ho vil, og har alle hjelpemiddel tilgjengeleg. Eksaminanden skal førebu ein presentasjon om eit gjeve tema. Presentasjonen bør ikkje vere lenger enn 10 til 12 minutt.

Del 2

Mekanisk stoppeklokke med videre. Foto.
Som eksaminator har du 45 minutt på deg til å hjelpe eleven med å vise kompetansen sin, og at han/ho kan bruke kunnskapen.

I del 2 bør oppgåvene fange opp tema frå fleire av hovudområda frå læreplanen. Hovudområdet Forskarspira skal bli dekt i ei av oppgåvene, og denne kan gjerne ta utgangspunkt i det praktiske innslaget i eksamensoppgåva. Dei andre oppgåvene bør elles dekkje andre tema, slik at kandidaten får vist kva ho eller han kan om fleire sider av læreplanen.

Utstyr til bruk i den praktiske delen av eksamen skal stå klart i eksamenslokalet.

Skal du basere heile del 2 på førebuingsdelen, bør denne vere såpass vid at han famnar om fleire av hovudområda.

Ved lang førebuingstid bør førebudd tema, inkludert presentasjonen, ikkje ta meir enn ein tredel av eksamenstida.

Elev utfører katalaseforsøk. Foto.
Som ein del av eksamen kan eleven bli beden om å demonstrere delar av eit forsøk klassen har gjort tidlegare. Eleven bør også kunne samtale om teori knytt til dette forsøket.

Alle skal prøvast i hovudområdet Forskarspira. I tillegg skal eleven/eksaminanden bli testa i minst eitt hovudområde frå både gruppe A og gruppe B. Sjå oversikt over inndeling av hovudområda under:

Gruppe A:

  • Stråling og radioaktivitet
  • Energi for framtida

Gruppe B:

  • Berekraftig utvikling
  • Ernæring og helse
  • Bioteknologi

For elevar som tar yrkesfagleg studieretning eller påbygging til generell studiekompetanse, vil dette seie at dei skal bli testa i alle hovudområda dei har vore innom i løpet av det siste skuleåret.

Læringsressursar

Eksamen