Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Nyttig fra naturfagChevronRight
  4. EksamenChevronRight
  5. Tips til gjennomføring av eksamen for elevChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Tips til gjennomføring av eksamen for elev

For å få vist kva du kan i naturfag, bør du i størst mogleg grad ta styringa over eksamenssituasjonen sjølv ved å vise initiativ og vere aktiv. Her får du fleire tips om korleis eksamen i naturfag blir gjennomført, og kva du bør tenkje over på førehand.

Eksamen?

Organisering

Elever i ring rundt et bord. Foto.
Felles førebuing til eksamen.

Når du no skal opp til eksamen i naturfag, bør du først setje deg inn i korleis munnleg-praktisk eksamen i naturfag blir organisert ved skulen din. Sjå korleis munnleg-praktisk eksamen blir organisert ved kort og lang førebuingsdel.

Uansett om det er kort eller lang førebuingstid, vil dei 45 minutta eksamen varer, vere delt mellom 1) førebudd del, 2) praktisk del og 3) problemstillingar som ikkje er varsla på førehand.

Praktisk innslag

Elev utfører katalaseforsøk. Foto.
Som ein del av eksamen kan du bli beden om å demonstrere delar av eit forsøk du har gjort tidlegare. Du bør òg kunne samtale om teori knytt til dette forsøket.

Eksamenen i naturfag er praktisk-munnleg. Dette inneber at det skal vere eit praktisk innslag i eksamenen. I dei fleste tilfella vil dette bety at du skal gjere eit forsøk eller delar av eit forsøk og gjennom dette vise sensor og eksaminator kva du kan.

Eit tips her er derfor å bruke tid på å gå gjennom elevforsøka du har gjort gjennom året, både med tanke på å relatere dette til den teoretiske kunnskapar og med tanke på den praktiske gjennomføringa av forsøket. Kva gjorde de? Kvifor gjorde de forsøket? Kva fann de ut? Var det nokon feilkjelder som hadde noko å seie for resultatet?

Tolking av naturfaglege tekstar

Tips til kva du kan konsentrere deg om: Kva handlar teksten om? Kva fortel han deg? Noter deg viktige omgrep du støyter på, kan du forklare desse? Kva delar av læreplanen tek denne teksten for seg? Sjå etter diagram og tabellar. Kva fortel dei? Er det nokon etiske dilemma knytte til teksten? Er det argument for eller imot noko? Dersom han tek opp eit tema som er konfliktfylt, kva dreier diskusjonen seg om? Har du argument for eller imot?

Presentasjon

Mekanisk stoppeklokke med videre. Foto.
Du har 45 minutt til å overtyde sensorane om at du har høg kompetanse og at du kan bruke kunnskapen.

Legg vekt på å vise kva du kan. Det er viktigare at dette kjem tydeleg fram, enn at du viser kor teknisk god du er med hjelpemiddel. Ver nøye med å halde deg til den tida du har til rådigheit. Gå gjennom presentasjonen din heime, og ta tida på deg sjølv, så veit du omtrent kor lang tid det tek å framføre han.

Dersom temaet eller oppgåva som vart gitt, var så stor og open at du har valt å avgrense henne, er det viktig at du forklarer det i presentasjonen din.

Kva skal du snakke om? Neste punkt er å halde seg til nettopp dette. Øv deg på å snakke tydeleg og roleg slik at du får fram poenga dine. Det er dessutan viktig at du kan stoffet du presenterer, godt. Etter presentasjonen vil du kunne få spørsmål om det du la fram.

Repetisjon

Skjermdump læreplan naturfag. Foto

Gå gjennom læreplanen og repeter fagstoff for dei områda du er mest usikker på. Øvst på alle naturfagsider på NDLA kan du opne læreplanen og klikke på kompetansemål for å få fram læringsressursar. Her kan du velje fagtekstar, oppgåver, filmar eller eForelesingar for å friske opp kunnskapane dine.

Tren på å forklare fagleg innhald for ein medelev eller for deg sjølv.

eForelesingane gir deg oppsummering av så å seie alle tema i naturfaglæreplanen gjennom lyd, bilete, animasjonar og oppsummeringsoppgåver. Dette er svært godt eigna til repetisjon før eksamen. Om du bruker Naturfag-spillelista på YouTube , kan du også sjå eForelesingane som video på mobilen.

Læringsressursar

Eksamen