1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Nyttig fra naturfagChevronRight
  4. EksamenChevronRight
  5. Eksamensordning i naturfag for elevar og privatistarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Eksamensordning i naturfag for elevar og privatistar

Eksamenen i naturfag er praktisk-munnleg. Eksamenen kan bestå av ein førebuingsdel og ein del med eksaminasjon. Det er mange måtar å organisere eksamenen på.

Jente som er oppe til muntlig eksamen. Foto.

Praktisk-munnleg eksamen

Gutt sitter ved datamaskin. Illustrasjon.
Eksamenslesing.

Alle som har naturfag på vidaregåande, får ein praktisk-munnleg prøve dersom dei blir trekte ut til eksamen i naturfag. Dette betyr at eksamenen er munnleg, og at han skal ha eit praktisk innslag.
Eksamenstida er inntil 45 minutt.

Lokalgitt

Eksamensoppgåva blir laga på skulen din og blir derfor kalla lokalgitt.

Trekkfag

Sidan naturfag er eit trekkfag, kan du som elev bli trekt ut til å ha eksamen i faget. Omtrent 20 prosent av elevane i Vg1 blir trekte ut til munnleg eksamen generelt.
Trekninga vil bli kunngjord 48 timar før sjølve eksamenen. Det vanlege er at grupper på fem til sju elevar blir trekte ut til eksamen i eit fag, og gjerne ikkje fleire enn 6 ved praktisk-munnleg eksamen.

Tre gutter med NDLA-caps arbeider sammen med PC. Foto.
Samarbeid med andre under eksamensførebuingane kan være nyttig. Det vil sannsynlegvis inspirere og gi fleire idear.

Fylkeskommunen kan fastsette at skriftlig eksamen, muntlig-praktisk eksamen og praktisk eksamen som er lokalt gitt, skal gjennomføres med forberedelsesdel.


Ved skriftlig eksamen, muntlig-praktisk eksamen og praktisk eksamen kan forberedelsesdelen være inntil to dager og skal normalt ikke inngå i vurderingsgrunnlaget. Fylkeskommunen avgjør selv om privatister skal ha forberedelsesdel.[1]

Les om eksamenen for ditt programområde

NAT1002 Naturfag, Vg1 studieførebuande utdanningsprogram

Elevane kan trekkjast ut til munnleg-praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.


Naturfag, Vg1 yrkesfag

Elevar på VG1 – Yrkesfagleg utdanningsprogram skal svare for kompetansemål frå fire hovudområde. Elevane kan trekkjast ut til munnleg-praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.


Naturfag, Vg3 påbyggingskurs til generell studiekompetanse

Elevane kan trekkjast ut til munnleg-praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen omfattar berre faget i påbygging til generell studiekompetanse (84 timar).

Førebuingsdel

Trekking av fag blir kunngjord 48 timar før eksamen. Tida frå oppgåva eller delar av eksamensoppgåva blir delt ut, blir kalla førebuingsdel.

  • Kort førebuingstid:
    • Kort førebuingstid blir gjennomført på skolen og er normalt på 45 minutt.
    • Eit tema eller delar av oppgåva blir delt ut når førebuingstida startar.
    • Alle hjelpemiddel er tillatne, inkludert utvalde sider på Internett. Kommunikasjon er forbode.
  • Lang førebuingstid:
    • Tema/problemstilling/delar av oppgåva blir kunngjort inntil 2 dagar før eksamen. Temaet/problemstillinga må vere tilstrekkeleg omfattande til at det vil vere naturleg å trekkje inn fleire delar av læreplanen under sjølve eksamineringa.
    • Eleven skal førebu ein presentasjon om det tildelte temaet, som skal presenterast under eksamen.
    • Presentasjonen skal ikkje vare lenger enn 12 minutt.
    • Alle hjelpemiddel er tillatne, og eleven kan opphalde seg kvar ho/han vil i førebuingstida.

Bilde av elev foran PC
Eit overordna krav

Eksamenen skal gjennomførast slik at det ikkje er nokon tvil om at det er eleven/eksaminanden sin kompetanse som blir målt.

Ein presentasjon av eit tema som er kjent og førebudd med lang førebuingstid, vil derfor ikkje halde mål som eksamen aleine.

Kjenneteikn på måloppnåing (vurderingskriterium)

Praktisk del

En elev følger med på et forsøk med planter. Foto.
Tolking av resultat.

Ein praktisk-munnleg eksamen inneber at eleven får ei praktisk oppgåve som skal løysast/demonstrerast og drøftast under eksamen. Oppgåva blir henta frå forsøk eller aktivitetar som ein har gjennomført i faget. Måten eksamen blir gjennomført på, vil variere frå skule til skule.

ndla.no kan brukes på eksamen

NDLA har læringsressursar i over 80 eksamensfag i vidaregåande skule. Desse er nå gjorde klare for bruk til eksamen våren 2017.

  1. 1«§ 3-30 Lokalt gitt eksamen i vidaregåande opplæring». Utdanningsdirektoratet. 2014.

Læringsressursar

Eksamen