Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Etikk og bioteknologiChevronRight
  5. Klimakamp med syntetiske cellerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Klimakamp med syntetiske celler

Kan syntetiske bakteriar og algar bli den perfekte løysinga som både skaffar oss drivstoff utan forureining og reduserer drivhuseffekten? Eller kan slike kunstige livsformer på avveie skaffe oss større problem enn vi hittil har klart å førestelle oss?

Glassbeholdere med lysegrønn væske. Foto.
Bioreaktor med alger. Kan syntetiske algar i framtida produsere olje som kan haustast frå overflata i store tankar, samtidig som algane lever og produserer kontinuerleg?

Bakteriar som spyttar ut hydrogen?

Hydrogen er utpeikt som ein av dei mest lovande energiberarane og drivstoffa i framtida, men det må kunne framstillast utan utslepp og ved bruk av minst mogleg energi. Forskarane som skapte den første syntetiske bakterien, ser på bakterien som det første leddet i utviklinga av organismar som kan ete karbondioksid (CO2) og spytte ut hydrogen (H2) ved fotobiolyse.

Grønne, runde bakterier.

Om dette stemmer, kan syntetisk biologi kanskje gi oss ei framtid der drivstoff til bilar kan produserast overalt og dermed ikkje lenger er ei mangelvare. I visjonen sin meiner forskarane at denne utviklinga vil gi lågare innhald av karbondioksid i atmosfæren og dermed redusere drivhuseffekten.

Olje frå bakteriar

Algar som produserer oljar ved å bruke sollys og karbondioksid, har lenge vore kjende, men prosessen kan gjerast enklare og billegare ved å bruke syntetisk biologi for å endre DNA-et til algane. Ein kan kanskje lage algar som skil ut oljen, slik at ein slepp kostbare og tidkrevjande prosessar for å separere olje frå algane. Algane kan då leve vidare og halde fram med produksjonen sin.

Denne prosessen kan kanskje redusere eller avskaffe behovet for dei petroleumsbaserte oljeprodukta vi har i dag, som skaper enorme utslepp av karbondioksid, og som verda har gjort seg så avhengig av. Store oljeselskap ser at oljereservane i verda er på tur ned, og har vist seg villige til å satse mykje pengar på syntetisk biologi som ein veg til å skaffe verda nok energi, i framtida òg.

Død fisk flyter i olje.
Oljekatastrofe.

Vil denne typen produksjon av olje sørgje for eit lågare sannsyn for utslepp? Kva om denne algen slepp laus frå lukka anlegg? Korleis blir konsekvensane av eit ukontrollert utslepp av algar som kan formeire seg og produsere stadig meir olje? Vil det overgå oljeulykkene i våre dagar?

Dyrking av ris og sal av klimakvotar

Eit amerikansk selskap forskar på ein risplante som har fått sett inn DNA som gjer han i stand til å ta opp nitrogen frå lufta (). Sidan gjødsling på oksygenfattig jord fører til og utslepp av drivhusgassen lystgass (N2O) til atmosfæren, vil redusert gjødsling gi ein gunstig miljøeffekt. Det er vidare tenkt at bønder som dyrkar denne risplanten, skal kunne selje klimakvotar som ei biinntekt fordi denne metoden å dyrke ris på er klimavennleg.

Kva er fordelane med ein slik plante? Kven tener på han? Kva konsekvensar kan det få for det biologiske mangfaldet om genet som gir store vekstfordelar, spreier seg ved pollinering?

Energiløysingar for framtida eller nye miljøkatastrofar?

Styresmakter og private selskap hastar etter å finne løysingar for klimaendringar, befolkningsvekst, auka behov for mat, minkande oljereservar og aukande energibehov. Dette er med på å skape eit stort tempo i forskinga og at løysingar tufta på moderne bioteknologi blir tekne raskt i bruk.

Profilbilde av skallet mann med skjegg. Foto.
Dr. J. Craig Venter

J. Craig Venter, ein kjend forskar som er ein av grunnleggjarane av syntetisk biologi, sa i eit møte arrangert av Bioteknologinemnda i januar 2009 følgjande: ”Kven kan seie nei til syntetisk biologi om det kan medverke til å løyse verdsomspennande kriser knytte til befolkningsvekst, matmangel og klimatruslar?”

I iver og optimisme over å kunne løyse eit miljøproblem kan vi komme i skade for å skape eit nytt. Teknologioptimisme har vi alltid hatt og vil vi alltid ha. Det ligg trass alt i menneskenaturen å søkje nye løysingar og å løyse problem. Det er då viktig at vi ikkje forhastar oss, men bruker føre var-prinsippet.

Om syntetisk biologi skal brukast til å løyse problema i våre dagar og behova i framtida utan at vi samtidig skaper nye miljøproblem, krev dette god innsikt i moglege konsekvensar av dei vala som skal takast.

Læringsressursar

Etikk og bioteknologi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Syntetisk liv – nye moglegheiter?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kven eig syntetisk liv?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Søknader om innførsel av genmodifisert mat og fôr

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Bioprospektering: Naturen sett med nye øyne. Bioteknologiskolen 9.

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Biobanker: levende innskudd. Bioteknologiskolen 10.

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter