1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Etikk og bioteknologiChevronRight
  5. Konsekvensetikk og pliktetikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Konsekvensetikk og pliktetikk

Når vi skal vurdere om ei handling er etisk riktig, kan vi velje å samanlikne anten resultatet av handlinga eller metodane som blir brukte, med pliktene vi har.

To hender holder operasjonsinstrumenter over egg. Foto.
Stamceller frå vaksne menneske blir plasserte i ryggmergen til kyllingfoster for at dei skal utvikle seg til livsviktige nerveceller.

Konsekvensetikk

Ein forskar som studerer eit brett med stamceller. Foto.
Stamceller frå aborterte foster blir brukte til forsking.

I konsekvensetikken blir bioteknologi vurdert etter dei positive og negative konsekvensane denne forskinga har. Vi kan for eksempel hevde at stamcelleforsking er positivt fordi forskinga kan medverke til nye behandlingsformer for alvorlege sjukdommar. Vi kan òg argumentere for at stamcelleforsking er negativt fordi ho er kostbar, eller fordi friske embryo blir øydelagde. Når vi skal vurdere bioteknologi ut frå eit konsekvensetisk perspektiv, er det
fleire moment vi bør tenkje gjennom:

  • Kven er det bioteknologien har konsekvensar for?
  • Er alle konsekvensar av bioteknologien like viktige? Er for eksempel konsekvensane for eit embryo (som blir øydelagt) like viktige som konsekvensane for eit levande menneske (som kanskje får ny behandling for ein sjukdom)?
  • Er nokre typar konsekvensar viktigare enn andre? Er det for eksempel viktigare at vi kan få betre behandling av sjuke, enn at vi lèt vere å forske på embryo?

Pliktetikk

I pliktetikken vurderer ein om bioteknologi er i samsvar med viktige plikter som vi har. Plikter er normer (eller reglar) for korleis vi skal skikke oss. Ei slik norm er "du skal ikkje slå i hel", og ut frå denne norma har vi ei plikt til ikkje å ta liv. Dersom vi for eksempel reknar ein blastocyst som eit menneskeleg liv, kan vi argumentere for at forsking på stamceller frå blastocystar er uakseptabelt fordi vi har ei plikt til ikkje å slå i hel. Når vi skal vurdere ei handling ut frå eit pliktetisk perspektiv, er det fleire faktorar vi bør tenkje gjennom:

  • Kva slags plikter har vi? Plikter kan for eksempel vere knytte til å hjelpe andre, ta vare på viktige verdiar, ta omsyn til framtidige generasjonar osv.
  • Kven har vi plikter overfor? Har vi for eksempel plikter berre overfor menneske eller overfor naturen og dyra òg?
  • Er somme plikter viktigare enn andre? Er det viktigare å gi alvorleg sjuke menneske behandling enn å unngå at dyr har det vondt?
  • Er somme plikter så viktige at vi ikkje kan bryte dei?
Portrettmaleri av filosofen Emmanuel Kant. Foto.

Filosofen Emmanuel Kant (1724–1804) sa at vi alltid må sjå på andre menneske som eit mål i seg sjølv og ikkje berre som eit middel. Kant hevda altså at vi ikkje skal bruke andre menneske berre til å skaffe oss noko sjølve. Vil det ut frå ei slik plikt vere uakseptabelt å forske på for eksempel blastocystar?
Korleis kan vi vege ulike plikter opp mot kvarandre?

Læringsressursar

Etikk og bioteknologi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    BT-plantar

  • SubjectMaterialFagstoff

    Gentestar

  • SubjectMaterialFagstoff

    Syntetisk liv – nye moglegheiter?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Klimakamp med syntetiske celler

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kven eig syntetisk liv?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Søknader om innførsel av genmodifisert mat og fôr

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Bioprospektering: Naturen sett med nye øyne. Bioteknologiskolen 9.

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Biobanker: levende innskudd. Bioteknologiskolen 10.

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Bioprospektering – naturen sett med nye auge

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Biobankar – levande innskot

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff