Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Etikk og bioteknologiChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kven eig syntetisk liv?

Er det greit at nokon får rett til byggjesteinar som naturen har brukt 3,5 millionar år på å utvikle? Undergrev dette respekten for eigenverdien til naturen?

Mann i hvit skjorte og jeans foran poser med alger. Foto.
J. Craig Venter i eit nytt drivhus ved selskapet sitt Synthetic Genomics i California i juli 2010. Venter ønskjer å skape bakteriar, algar og planter som til bruk i industriell produksjon, og mellom anna erstatte fossilt brensel.

Patent på liv

Før den første syntetiske bakterien blei konstruert, søkte produsenten om patent på prosessane som førte til skaping av syntetisk liv. Det amerikanske selskapet som utvikla prosedyrane, ønskjer å få noko igjen for mange år med investeringar og vil derfor ikkje la kven som helst fritt bruke denne teknologien. Patentsøknadene er breie og omfattar: å setje saman mange fragment av syntetisk DNA som til saman kodar for heile celler eller organismar, og vidare setje inn dette syntetiske arvestoffet i celler uavhengig av om det er i ein bakterie, ei dyrecelle eller ei plantecelle. Dersom patentet blir godkjent, kan det amerikanske selskapet bli ståande som eineeigar av retten til å utvikle syntetisk liv.

Kan nokon eige byggjesteinane i naturen?

Byggjeklossane, eller DNA-fragmenta som bakterien er sett saman av, er ei omtrent direkte etterlikning av naturen. I tillegg har dei lagt inn eit vassmerke som består av kodar på vel 1000 basepar. Kva meiner du om at dei som laga denne bakterien, kan få patent på gena, når gena er kopierte frå naturen som høyrer til oss alle? Kan nokon ta eigarskap i byggjesteinar som naturen har brukt 3,5 millionar år på å utvikle? Kan dette vere med på å tingleggjere synet på liv og undergrave respekten for eigenverdien til naturen?[1]

Kor trygt?

To blå bakterier.
Den første syntetiske bakterien, kalt Synthia.

Dei som konstruerte Synhia, har òg lagt inn eit ”sjølvmordsgen” som svekkjer moglegheitene for at den syntetiske bakterien skal kunne klare seg i det fri, men kor sikre kan vi vere på at gen ikkje kjem på avvegar? Enn om vassmerket som viser eigarskap, genet som gir blåfarge, eller gen for oljeproduksjon blir spreidde til andre livsformer?

Etiske vurderingar

Vi kan ta risikoar dersom vi òg ser nytte (konsekvensetikk), men er det nyttig for dei same som tek risikoen og ber konsekvensane? Lovgivinga i dei fleste land krev at det offentlege skal ha innsyn i kva som skjer med slik forsking, men det er ikkje så mange som tek tak i dei store samfunnsmessige spørsmåla som syntetisk biologi reiser. Kanskje dei som kjenner til dette forskingsfeltet, ikkje ønskjer å så tvil om tryggleiken og verke som ein ”festbrems” når det er snakk nye moglegheiter som er så forlokkande?[2]

På kva vilkår? European Group on Ethics in Science and New Technologies (EGE) peiker på fleire utfordringar som syntetisk biologi gir, som risiko, misbruk og mangelfull lovgiving. Dei anbefaler at slike spørsmål blir avklarte før ein tek i bruk syntetisk biologi.

Føre-var-prinsippet må vere retningsgivande for forsking og regulering innanfor syntetisk biologi.

Byggjesett til sals

Byggeklosser

Det finst i dag eit register over standard biologiske delar, såkalla BioBricks som kodar for ulike eigenskapar i bakteriar. Du kan for eksempel kjøpe ei fotosyntesebrikke og ei anna brikke som sørgjer for at bakterien din sender ut lys, eller kva med ein bakterie som bryt ned cellulose, og samtidig luktar som banan? Desse brikkene kan bestillast og setjast saman i ei bakteriecelle, omtrent like enkelt som å byggje lego.

Utfordring/oppgåve:

Skriv eit blogginnlegg om eigedomsrett over liv og om dei nye moglegheitene som syntetisk biologi gir oss. Kva eigenskapar ville du gitt ein bakterie dersom du skulle konstruere ein? Ser du utviklingsmoglegheiter som det hastar med å ta i bruk, eller bør vi vente?

  1. 1«Syntetisk biologi – Liv laga?». Jon Magnar Haugen, Hild Lamvik og Sissel Rogne Sissel Rogne Jon Magnar Haugen Hild Lamvik. 2009.
  2. 2«Syntetisk liv». Bioteknologinemnda Sissel Rogne. 2008.

Læringsressursar

Etikk og bioteknologi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    BT-plantar

  • SubjectMaterialFagstoff

    Gentestar

  • SubjectMaterialFagstoff

    Syntetisk liv – nye moglegheiter?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Klimakamp med syntetiske celler

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Søknader om innførsel av genmodifisert mat og fôr

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Bioprospektering: Naturen sett med nye øyne. Bioteknologiskolen 9.

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Biobanker: levende innskudd. Bioteknologiskolen 10.

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Bioprospektering – naturen sett med nye auge

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Biobankar – levande innskot

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff