1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Etikk og bioteknologiChevronRight
  5. Søknader om innførsel av genmodifisert mat og fôrChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Søknader om innførsel av genmodifisert mat og fôr

Det kjem stadig nye søknader om innførsel av genmodifisert mat til Noreg. Kva er argumenta for og mot godkjenning av slike søknader?

Åker med soyabønner. Foto.

Eksempel på søknad: innførsel av GM-soya, MON 87705

Selskapet Monsanto søkte i 2010 om løyve til å importere genmodifisert soya (GM-soya) til Noreg. Den genmodifiserte soyaplanten har høge verdiar av ei bestemt feittsyre, funnen i mellom anna olivenolje. Selskapet argumenterer med at høge verdiar av denne feittsyra er sunt, og viser til middelhavsdietten. I tillegg er planten modifisert til å tole høge dosar av ugrasmiddelet Roundup, i Noreg òg kjent som glyfosat.

Argument for å tillate import

Soya finst ikkje naturleg i norsk flora og vil ikkje vere ein fare for naturen. Bønner frå den genmodifiserte soyaplanten vil ifølgje søkjaren ha betre ernæringsinnhald i forhold til andre soyabønner.

Fråsegn frå GenØk, Senter for biotryggleik

GenØk seier i fråsegna til søknaden frå Monsanto at han er bygd på eit uriktig grunnlag, manglar nødvendig informasjon og har veikskapar i undersøkingane av kva effektar som kan tenkjast å oppstå av genmodifiseringa. Dei ber òg om at det blir vurdert "om løsningene på kostholdsrelaterte helseproblemer, spesielt de som er forårsaket av eksponering til transfett, er best løst ved bruk av moderne bioteknologi i nære og fjerne agrosystem, eller om man kan oppnå det samme med et engasjement til sunn mat, kostholdsopplysning og sosiale programmer som oppmuntrer til et sunt kosthold."

GenØk peiker òg på at ifølgje genteknologiloven skal det leggjast vekt på nytten for samfunnet. Dei meiner det er høgst tvilsamt om endringane i feittsyreprofilane til MON 87705 som skriv seg frå genmodifisering, faktisk er etterspurde eller nødvendige i den norske dietten.

§10, genteknologiloven:

Utsetjing av genmodifiserte organismar kan berre godkjennast når det ikkje er fare for skadeverknader på helse og miljø. Ved avgjerda skal det dessutan leggjast vesentleg vekt på om utsetjinga har nytteverdi for samfunnet og er eigna til å fremje ei berekraftig utvikling.

Soya i fiskefôr

Laks svømmer tett. Foto.

Soya er ein viktig komponent i fiskefôr i lakseoppdrett. Import av omarbeidde produkt som ikkje inneheld spiredyktige frø, blir regulert av matloven. Slik kan ein tenkje seg at sjølv om import av GM-frø eller plantar blir stoppa av genteknologiloven, kan produkt som inneheld GM-soya, bli importerte som fôr eller tilsetjing i mat. Norske lakseoppdrettarar og fiskefôrprodusentar har ikkje ønskt å bruke "Roundup Ready" soya sjølv om dei har måtta betale ein høgare pris for ikkje-GM soya.

Genmodifisert soya utgjer allereie 75 prosent av all soyaproduksjon. Ein eventuell innførsel av ein ny type soya med endra feittsyresamansetjing vil kanskje av grunnar som gjeld ernæring, kunne brukast for å legitimere bruk av GM-soya. Sjølve fôret må då merkjast slik at vi kan spore kva for GM-soya fôret består av, mens det ferdige produktet, laksen, etter norsk lov ikkje må merkjast.

Utfordring:

Ville du ete laks som var fôra med eit slikt GM-soyabasert fôr, og kunne du tenkje deg å vite om laksen du kjøper, har ete GM-soya?

Læringsressursar

Etikk og bioteknologi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    BT-plantar

  • SubjectMaterialFagstoff

    Gentestar

  • SubjectMaterialFagstoff

    Syntetisk liv – nye moglegheiter?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Klimakamp med syntetiske celler

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kven eig syntetisk liv?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Bioprospektering: Naturen sett med nye øyne. Bioteknologiskolen 9.

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Biobanker: levende innskudd. Bioteknologiskolen 10.

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Bioprospektering – naturen sett med nye auge

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Biobankar – levande innskot

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff