Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Etikk og bioteknologiChevronRight
  5. Etikkdebatt: kartlegging av gen – behandling av sjukdomChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Etikkdebatt: kartlegging av gen – behandling av sjukdom

Ny kunnskap om samanhengar mellom arv og sjukdom gir nye moglegheiter og etiske utfordringar. Bruk tre situasjonar som utgangspunkt for diskusjon i klassen.

Forsker som holder en mus. Foto.
Stamcelleforsking kan gi cellekulturar som reduserer behovet for forsøksdyr.

Kor mykje vil du vite?

Viss du hadde fått kartlagt gena dine, ville du då ønskt å få vite om du var genetisk disponert for ein sjukdom? Kanskje ville det bli påvist at du er berar av eit gen som kunne overføre ein sjukdom som vil føre til at dei framtidige barna dine vil få eit liv som pleietrengande, eller at du sjølv har ein auka sjanse for å utvikle Alzheimers sjukdom (demens). Korleis ville du takle å få denne informasjonen, og kva ville du gjere med han? Er det nokon andre som bør få kjennskap til testresultatet?

Forsøksdyr

Mange sjukdommar har ei meir komplisert genetisk forklaring enn andre. Dette heng saman med at dei ulike sjukdomsgena ligg spreidde utover DNA-et, og at miljøet òg speler ei viktig rolle i om gena blir uttrykte og fører til sjukdom. Multippel sklerose, MS, er ein sjukdom der nerveceller i ryggmergen og hjernen blir brotne ned.

Ein meiner at ein uheldig kombinasjon av mange små variasjonar i friske gen saman med miljøfaktorar som kan påverke om gena blir uttrykte eller lagar protein, kan føre til sjukdom. Viss ein einegga tvilling får MS, er risikoen for at den andre (som har identisk DNA) kan utvikle sjukdommen, omtrent 30 prosent.

Ved sjukdommar som MS og ulike variantar av kreft er det vanleg å bruke forsøksdyr for å kartleggje sjukdommen nærare. Det blir ofte brukt rotter som vil døy eller bli sterkt invalide fordi dei har fått eitt eller fleire essensielle gen skrudde av. Kva synest du om at dyr som rotter blir brukte i forsking på sjukdommar hos menneske? Kva om det blei brukt hundar eller kattar?

Prioritering av forsking

Vekt med to armer. Foto.
Kva argument skal ein leggje mest vekt på?

I kor stor grad meiner du at vi bør satse på forsking for å utvikle betre behandlingsmetodar? Det er i dag mange sjukdommar som det ikkje finst relevant behandling for. Forsking fram mot nye behandlingsmetodar tek tid og er kostbart. Ein har ingen garanti for å nå målet, men forskinga fører ofte til ny kunnskap som kan brukast til utvikling på fleire område.

Somme meiner at det er feil å bruke så mykje pengar på langsiktig forsking når sjukehuskøane veks. Andre hevdar at det er feil å halde desse to forholda opp mot kvarandre, og meiner at forsking burde vore prioritert langt høgare fordi det i framtida vil gi store gevinstar både for helse og velferd.

Ønskjer du å prioritere utvikling av kostbare behandlingsmetodar som kanskje kan redde nokre menneske i framtida, når vi har eit helsebudsjett som er så trongt at folk står lenge i behandlingskø? Har du nokre idear om kva vi måtte ha klart oss utan i fråvere av moderne forsking?

Læringsressursar

Etikk og bioteknologi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    BT-plantar

  • SubjectMaterialFagstoff

    Gentestar

  • SubjectMaterialFagstoff

    Syntetisk liv – nye moglegheiter?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Klimakamp med syntetiske celler

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kven eig syntetisk liv?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Søknader om innførsel av genmodifisert mat og fôr

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Bioprospektering: Naturen sett med nye øyne. Bioteknologiskolen 9.

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Biobanker: levende innskudd. Bioteknologiskolen 10.

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Bioprospektering – naturen sett med nye auge

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Biobankar – levande innskot

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff