Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturfag PåbyggChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Etikk og bioteknologiChevronRight
  5. Øvingsoppgåver – etiske spørsmål knytet til bioteknologiChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Øvingsoppgåver – etiske spørsmål knytet til bioteknologi

Mannlig lege peker på overvårkingsutstyr koblet til jente på sykehus. Foto.
Tenk deg at du fekk vite at du kom til verda ved hjelp av preimplantasjonsdiagnostikk (PGD) for å vere blodgivar for ein eldre bror eller ei eldre syster. Kva ville du følt då, trur du?
  1. Tenk deg at det er du som skal avgjere om verda skal bruke genmodifiserte organismar (GMO). Set opp argument for og imot, og legg fram ein konklusjon.
  2. Diskuter:
    • Kven bør avgjere kvar dei etiske grensene går i spørsmål knytte til stamceller og kloning?
    • Kven har kompetanse til å ta desse avgjerdene?
      Legane? Regjeringa? Stortinget? Etikk-komitear?
      Folket, i form av for eksempel folkeavrøystingar?
    • Kor mykje må vi vite for å kunne gjere etiske val?
  3. Diskuter: Tenk deg at du fekk vite at du kom til verda ved hjelp av preimplantasjonsdiagnostikk (PGD) for å vere blodgivar for ein eldre bror eller ei eldre syster. Kva ville du følt då, trur du? Ville du tenkt:
    • at du var ekstra verdifull fordi familien din hadde bruk for deg?
    • at du ikkje var ønskt for anna enn blodet ditt?
    • at det kanskje ikkje er så spesielt, eigentleg? I fleire land ønskjer foreldra seg mange barn for at dei skal kunne brødfø foreldra sine i alderdommen.

Læringsressursar

Etikk og bioteknologi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar