Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturfag PåbyggChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Etikk og bioteknologiChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Etikk og bioteknologi

Moderne genteknologi gir oss mange moglegheiter til å kurere sjukdom, løyse miljøproblem og sørgje for mat til den veksande befolkninga i verda. På same tid må vi ta stilling til moglege konsekvensar av val vi tar , og bestemme oss for kor langt vi ønsker å gå.

Lyst barn holder arm med strekkode foran øynene. Foto.

Moglegheiter gir utfordringar

I dag kan vi få tilbod om kartlegging av sjukdommar hos eit ufødd barn. Nokre gonger blir det påvist genetisk sjukdom. Kor alvorleg må feilen vere for at det er etisk riktig å vurdere abort?

Grenser blir flytte på

Grensene for kva som er teknisk mogleg, vil stadig flyttast. Utviklinga av den moderne bioteknologien fører ofte til oppdagingar av nye medisinar, matplantar eller energiløysingar som kan gi svære inntekter.

Kven vil tene på denne nye teknologien? På kva område kan han vere nyttig, og kvar er det fornuftig å ikkje bruke han? Er det viktig at du gjer deg opp di eiga meining, eller vil du overlate avgjerda til andre?

Læringsressursar

Etikk og bioteknologi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar