Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturfag PåbyggChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Grunnleggjande om celler og arvestoffChevronRight
  5. FotosynteseChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fotosyntese

Fotosyntesen er ein biokjemisk prosess kor lysenergi blir omdanna til kjemisk energi. Ordet kjem av dei greske orda photos, som betyr lys, og synthesis, som betyr å setje saman. Karbondioksid og vatn blir ved hjelp av lysenergi omdanna til sukker og oksygen.

Frå lysenergi til kjemisk energi

Mikroskopbilde av løvceller med mange kloroplaster langs celleveggen.
Planteceller med kloroplaster

I fotosyntesen blir karbondioksid (CO2) og vatn (H2O) omdanna til glukose (druesukker) (C6H12O6) og oksygen (O2) ved hjelp av energi frå sollys.
Fotosyntesen blir vanlegvis forbunde med grøne plantar og algar, men enkelte bakteriar kan og utføre fotosyntese.
Sidan energien til å drive fotosyntesen kjem frå sola kan ein seie at:
All energi som er lagra i plantar kjem frå sola, og er dermed fornybar energi.

Vi er avhengige av energi og oksygen frå plantene

Modell av kloroplast med stabler av grana.
Kloroplast (modell), kor fotosyntesen går føre seg. Lyseenergien fangast opp i "talekenstablane" som kallast granum.

Fotosyntesen finn sted inne i planteceller i spesielle organellar som kallast kloroplastar. Det er desse organellane som gir grønfarge i plantematerialet.

Dyr, menneske, sopp og andre organismar som ikkje driv fotosyntese, er avhengige av dei energirike forbindingane som plantane lagar i fotosyntesen. Sjølv om vi berre et kjøtt, har energien vi får frå kjøttet komme frå plantar. Dyr kan ikkje leve utan den energien dei får frå plantar.

Organismar som kan lage sine eigne energirike forbindingar kallast autotrofe organismar (produsentar). Organismar som er avhengige av å få energi frå andre kallast heterotrofe organismar (forbrukarar).

Læringsressursar

Grunnleggjande om celler og arvestoff

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?