1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Grunnleggjande om celler og arvestoffChevronRight
  5. Forsøk: Korleis mikroskopet er bygd og fungererChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Forsøk: Korleis mikroskopet er bygd og fungerer

Celletyper i blad av torvmose. Foto.
Celler i torvmoseblad. Bildet er tatt med mobiltelefon gjennom okularet.

Hensikt

Du skal gjere deg kjent med korleis mikroskopet verkar og finne ut kor stort areal du kan sjå ved ulike forstørringsgrader.

Utstyr

Mikroskop, objektglas, dekkglas, millimeter-papir eller cirka 1 cm2 plast med mm-markering

Framgangsmåte

  1. Slå på lampen i mikroskopet.
  2. Legg plastbiten på objektglaset (det største glaset).
  3. Legg eit dekkglas (det vesle tynne glaset) over plastbiten.
  4. Legg så preparatet på objektbordet i mikroskopet og titt inn i okularet.
    NB! Når du skal bruke eit mikroskop, bør du alltid begynne med det svakaste objektivet loddrett. Etterpå kan ein skifte til sterkare objektiv ved å vri på haldaren.
  5. Prøv å stille skarpt ved hjelp av justeringsskruane.
    Grovskruen skal du berre bruke til å skarpstille det svakaste objektivet. Skarpstillinga elles skjer med finskruen.
  6. Juster lysmengda med blendaren, under objektbordet.
  7. Finn forstørringa av preparatet ditt ved å multiplisere forstørringane på okularet og objektivet.
  8. Lag teikningar eller ta bilete med mobiltelefonen av det du ser ved dei ulike forstørringane som mikroskopet har. Skriv på kva forstørring det er på kvar einskild teikning. Noter kor stort synsfelt du har på kvar enkelt forstørring.

Resultat

Kva samanheng er det mellom forstørringa og synleg areal?

Læringsressursar

Grunnleggjande om celler og arvestoff

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Arvestoffet

  • SubjectMaterialFagstoff

    Fotosyntese

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    3D-animasjon frå det indre livet i ei celle

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Celler, arvestoff og celleprosessar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Mikroskopering av plante- og dyreceller

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Delane til mikroskopet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff