1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Grunnleggjande om celler og arvestoffChevronRight
  5. ArvestoffetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Arvestoffet

Alle kroppscellene dine har det same arvestoffet. Kvar einaste cellekjerne inneheld derfor oppskrifta på heile deg sjølv om cellene er svært små.

DNA

Menneskets kromosomer. Illustrasjon.
Kromosoma til mennesket sett i eit elektronmikroskop

DNA står for DeoxyriboNucleic Acid, som på norsk blir deoksyribonukleinsyre. Mesteparten av tida er DNA-molekyla utstrekte og berre synlege som ein "klump" av farga masse, men i samband med celledeling blir arvestoffet snurra hardt og pakka saman. Då blir dei 46 kromosoma så korte og tjukke at dei blir synlege i eit kraftig mikroskop.

I kvar menneskecelle er det 46 DNA-trådar som blir kalla kromosom. (Kromosom, "fargekropp", har fått namnet sitt fordi dei lett lèt seg farge når preparat skal studerast i mikroskop.) To og to kromosom har anlegg for dei same eigenskapane. Det er derfor 23 par kromosom.

I kvart kromosompar er det eine kromosomet frå mor og det andre frå far. Du har altså fått akkurat like mykje arv frå begge foreldra dine.


DNA-tråden – tynn og tett pakka

Vi veit at DNA-tråden er veldig tynn, og at han kan snurrast og pakkast svært tett. Det er likevel ufatteleg at ein to meter lang tråd kan få plass inne i ein så liten cellekjerne.


Samanlikning av storleik

Legg merke til at du må gonge storleiken med ti når du flytter ein kolonne mot høgre.

Sammenligning av størrelser. Tabell.
Samanlikning av storleikar

Læringsressursar

Grunnleggjande om celler og arvestoff

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Fotosyntese

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    3D-animasjon frå det indre livet i ei celle

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Celler, arvestoff og celleprosessar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Korleis mikroskopet er bygd og fungerer

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Mikroskopering av plante- og dyreceller

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Delane til mikroskopet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff