Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Grunnleggjande om celler og arvestoffChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fleire celletypar

Celler kan sorterast i eukaryote (”ekte”) og prokaryote (”primitive”) celler. Prokaryotar (bakteriar) er enklare bygde opp og manglar organellar bortsett frå ribosom. Eukaryotar som plante- og dyreceller har spesialiserte organellar med eigne membranar.

Tre celletyper. Illustrasjon.

Planteceller

Planteceller har stort sett det same innhaldet (dei same organellane) som dyreceller. Forskjellen er at dei manglar lysosom og har noko som dyrecellene ikkje har:

  • Cellevegg: Plantecellene har ein stiv cellevegg utanpå cellemembranen. Dette er nødvendig for at plantene skal halde seg oppreiste, og han fungerer som eit ytre skjelett. Celleveggen er laga av cellulose og er som regel heilt gjennomtrengjeleg for vatn, salt og gassar.
  • Kloroplaster er små organellar som inneheld det grøne fargestoffet klorofyll. Det kan fange opp energien i sollys og danne glukose (kjemisk energi). Denne prosessen blir kalla fotosyntese.
    Jodfargede stivelseskorn. Foto.
    Jodfarga stivelseskorn sett i mikroskop.
  • Vakuolar Plantecellene har òg nokre væskefylte blærer. Når ei celle er moden, som i modne bær, vil vakuolen vere stor og fylle det meste av cella. Cytoplasmaet med alle organellane er då pressa inn mot celleveggen. Dette kan ein lett sjå ved å studere løkhud i mikroskop.
  • Stivelseskorn fungerer som energilager og blir lagra i plastid.

Bakteriar

Salmonella. Illustrasjon.
Elektronmikroskopbilete av [i]Salmonella typhimurium[/i] (raud) som invaderer menneskeceller.

Bakteriar var antakeleg dei første organismane på jorda. Dei er enklare bygde opp enn dei ekte cellene. Bakteriar finnast over alt, men dei fleste trivst best der det er varmt og fuktig. Berre 5000 artar er kartlagde så langr, men det finst mange gonger fleire enn dette talet. Dei er så små at på 1 millimeter er det plass til 500–4000 etter kvarandre.


Somme bakteriar er livsviktige for oss, mens andre fører til sjukdom. Bakteriar er mellom anna viktige i konservering av mat, som i yoghurt, ost, spekemat med meir. Bakteriar har plasmamembran og ribosom. DNAet er nakent. Det vil seie at det ikkje er dekt av protein eller verna inne i ein kjerne. Bakteriar har eit hovudkromosom som er ringforma og kveila i eit nyste. Celleandinga skjer i cytoplasma nært cellemembranen og ikkje i mitokondriar som hos ekte celler.

  • Plasmid: små ringar med DNA som nokre bakteriar har. Plasmida har ofte gen som gjer at bakteriar toler antibiotika. Desse blir brukte i genteknologi fordi det er så lett å setje inn nye gen i eit plasmid. Bakteriar som tek opp eit endra plasmid, kan for eksempel produsere medisinar som det nye genet gir oppskrifta på. Produktet blir billigare og reinare enn det ein klarer ved meir tradisjonelle metodar. Dette skal vi lære meir om seinare i bioteknologikapitlet.
  • Cellevegg av protein og karbohydrat, ofte med slim utanpå. Slimet vernar bakterien mot å bli oppdaga av for eksempel kvite blodceller.
  • Flagell: Bakterieflagellar er lange tynne piskehalar som gjer at dei som har slike, kan bevege seg fleire kroppslengder per sekund.

Læringsressursar

Grunnleggjande om celler og arvestoff

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Arvestoffet

  • SubjectMaterialFagstoff

    Fotosyntese

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    3D-animasjon frå det indre livet i ei celle

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Celler, arvestoff og celleprosessar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Korleis mikroskopet er bygd og fungerer

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Mikroskopering av plante- og dyreceller

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Delane til mikroskopet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff