1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Grunnleggjande om celler og arvestoffChevronRight
  5. Celler og vekstChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Celler og vekst

Alle levande organismar er bygd opp av celler og stoff som er produsert og skilt ut av cellene. Det er livsprosessar som sørgjer for eit stabilt miljø i cellene og organismane.

Vekst

Når ein organisme veks, er det fordi cellene veks og deler seg slik at det blir stadig fleire celler. Når eincella organismar veks, slik som gjær og bakteriar, vil dei dele seg og bli til to åtskilde celler som er heilt like kvarandre. Veksten krev både energi og byggjesteinar. Alt som er levande tek til seg næring. Når næringa blir brote ned i fordøyinga, får vi både byggjesteinar og energi som kan nyttast i alle livsprosessar.

Byggjesteinane i kroppen vår får vi gjennom maten vi et. Tenk på kor mange gonger desse byggjesteinane har blitt brukte tidlegare! Dette er Eksempel på stoffkrinsløp (gjenbruk)!

Egg og sædcelle. Foto.
Egg og sædcelle

Byggjesteinane kan setjast saman på uendeleg mange vis, men kvar er oppskrifta? Kva er det som gjer at eit befrukta menneskeegg blir til eit menneske? Kva får venstre og høgre arm til å stoppe å vekse når dei er like lange? Svara på desse spørsmåla finn vi i gena, som overførte frå generasjon til generasjon. Før vi ser nærare på arvestoffet, må vi kjenne til litt om korleis celler fungerer.

Cellebiologi

Cellene er grunneiningane i alle levende organismar. Inne i cellene er det uendeleg mange prosessar i gang til kvar ei tid, og det er cellekjernen som styrer aktivitetane. Cellekjernen blir igjen påverka av stoff utanfrå, som til dømes hormon.
Cellemembranen omsluttar cytoplasmaet, ei geléaktig væske med mange spesialiserte einingar som blir kalla organellar.

Dyreceller

Dyreceller ligg i eit vasshaldig miljø.

  • Cellemembranen (ekstern) omsluttar cella og kontrollerer transport inn og ut av cella. Han er halvgjennomtrengjeleg og laga av fosfolipid.
  • Kjernen (ekstern) inneheld arvestoffet (kromosoma). Ein dobbel membran vernar innhaldet og kontrollerer transport inn og ut. I cellekjernen finst all den informasjon som trengst for å lage eit individ. Her finst òg all informasjon som cella treng til vekst og reproduksjon. Kjernen er ein slags kommandosentral som indirekte styrer cellefunksjonane.
  • Cytoplasma (ekstern) er ei geléaktig væske (protoplasma) med organellar som ribosom og mitokondriar. Væska inneheld oppløyst næring og gassar. Eit trådforma cytoskjelett (ekstern) hjelper cella til å halde fasongen, held organellane på plass og har elles ei viktig rolle når ei celle skal dele seg.
  • Mitokondriane (ekstern) er kraftstasjonane i cella. Her skjer celleandinga.
  • Plasmanettverket (ekstern) er eit transportsystem inne i cella. Det blir òg kalla eit endoplasmatisk retikulum (ER). Glatt ER er utan ribosom, mens ru (grynet) ER har ribosom på overflata.
  • Ribosoma (ekstern) byggjer protein etter oppskrift frå arvestoffet. Nokre ribosom er frie mens andre er feste til overflata på plasmanettverket.
  • Golgiapparatet (ekstern) ser ut som ein tallerkenstabel. Her blir proteina ferdig falda og modna. Blærer med ferdige protein og enzym (lysosom) blir snørte av. Desse kan tømme innhaldet sitt ut av cella eller brukast inne i cella.
  • Lysosom (ekstern) er små bobler med enzym. Dei kan bryte ned giftstoff, bakteriar og slitne organellar i cella.

Sjå også

Læringsressursar

Grunnleggjande om celler og arvestoff

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Arvestoffet

  • SubjectMaterialFagstoff

    Fotosyntese

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    3D-animasjon frå det indre livet i ei celle

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Celler, arvestoff og celleprosessar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Korleis mikroskopet er bygd og fungerer

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Mikroskopering av plante- og dyreceller

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Delane til mikroskopet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff