Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturfag PåbyggChevronRight
  3. BioteknologiChevronRight
  4. Arv og miljø avgjør kven vi erChevronRight
  5. Mutasjonar som drivkraft i evolusjonenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Mutasjonar som drivkraft i evolusjonen

Mutasjonar er ei viktig drivkraft i evolusjonen, men blant store mengder mutasjonar er det svært få som er gunstige for individet. Gjennom millionar av år har det likevel oppstått mange nye allel som har gitt nye og fordelaktige eigenskapar i nokre miljø, sånn at nye artar har oppstått.

Tidslinja viser utviklingen frå jorda ble danna for 4,5 milliarder år siden til dei første bakteriane, utvikling av oksygen i atmosfæren, eukaryote celler, dinosaurar og menneske. Illustrasjon.
Jorda si tidslinje fram til menneske oppsto som art.

Nye eigenskapar kan gi fordelar i nye miljø

Utvikling frå små enkle organismar til primatar. Animasjon.
Evolusjon, animasjon

Mutasjonar er ei drivkraft i evolusjonen på den måten at dei har ført til nye genvariantar som gir nye eigenskapar.

Ein mutasjon som er ei ulempe i eit bestemt miljø, kan vere ein fordel i eit anna miljø.
Mutasjonar som gir recessive eigenskapar, kan liggje skjult i mange generasjonar (stille mutasjonar) før avkom arvar eigenskapen frå begge foreldra sine, og eigenskapen kjem til syne. I eit nytt miljø kan denne nye eigenskapen få betydning fordi han gir konkurransemessige fordelar, og genvarianten blir ført vidare til nye generasjonar.

Fem ulike stadium i utviklinga av fjører. Illustrasjon-
Utviklinga av fjører slik vi kjenner dei i dag, har gått via fleire utviklingstrinn.

Det er særs sjeldan at mutasjonar gir opphav til eit nytt allel som gir betre eigenskapar, men gjennom millionar av år har slike mutasjonar hatt stor betydning for artsdanning. Slike «positive» mutasjonar er eitt av grunnlaga for evolusjonen.

Tenk gjennom og diskuter

Kva trur du skjedde, og kva slags moglegheiter kom då desse nye eigenskapane oppstod?

  • transportsystem i organismar
  • indre skjelett (ryggstreng i dei første)
  • indre befruktning hos planter og dyr
  • pels og fjører
  • jamvarme dyr

Læringsressursar

Arv og miljø avgjør kven vi er

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter